Bad ministeren stanse vindkraftanlegga i Flora og Bremanger

Silje Ask Lundberg i Naturvernforbundet.

Silje Ask Lundberg i Naturvernforbundet. Foto:

OSLO: Fem organisasjonar møtte i går klima- og miljøministeren, med krav om å stanse fem godkjente vindkraftverk i fylket; Bremangerlandet, Guleslettene, Okla, Lutelandet og Hennøy.

DEL

Midt i viktige fugletrekk i Sogn og Fjordane er det gitt løyve til fem store vindkraftverk, skriv Naturvernforbundet i ei pressemelding.

– Om alle disse vindkraftanlegga blir bygd vil det råke store delar av fugletrekket langs kysten av Sogn og Fjordane. Det kan få alvorlege konsekvensar for fuglebestandar som allereie er i nedgang, seier Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet.

Fem natur- og miljøorganisasjonar stod bak krava som i går blei presentert for Klima- og miljødepartementet. Organisasjonane ber klima- og miljøminister Ola Elvestuen gripe inn og hindre naturøydeleggingar ved fem godkjente vindkraftverk i fylket; Bremangerlandet, Guleslettene, Okla, Lutelandet og Hennøy.

– Vindkraftverkene er godkjent utan tilstrekkeleg kunnskap om korleis fugletrekk og naturmangfaldet vil bli påverka, seier Jon Anders Stavang, leiar i Naturvernforbundet i Flora.

– No i sommar er det komme nye overvakingsdata frå Norsk institutt for naturforsking, som viser at fleire viktige fugletrekk langs kysten faktisk går rett gjennom dei planlagde vindkraftverka, seier han.

(Saka held fram under bildet)

Jon Anders Stavang, naturvernforbundet

Jon Anders Stavang, naturvernforbundet Foto:

Bryt med faglege råd

Naturvernforbundet, Norsk Ornitologisk Forening, Forum for natur og friluftsliv, Norges Jeger- og Fiskerforbund og Den Norske Turistforening står saman i denne saka. Organisasjonane krev no at Regjeringa følger retningslinene for lokalisering av vindkraft, der det står at «viktige haust- og vårtrekk skal takast med i betraktning». Vidare skriv Miljødirektoratet i faggrunnlaget for fugl i Nasjonal ramme for vindkraft at vindkraftutbygging ikkje bør tillatast «når utbygging i artens leveområde vil ha avgjerande betydning for artens bestandsutvikling, for viktige økologiske funksjonsområde eller sentrale knutepunkt for fugletrekk».

– Desse vindkraftverka er plassert midt i svært viktige fugletrekk. Det er eit brot med retningslinene, miljøfaglege råd og vedtekter i naturmangfaldlova. I tillegg skaper desse sakene stor lokal motstand og konflikt, seier Kjetil Solbakken, generalsekretær i Norsk Ornitologisk Forening.

Fuglebestand i fritt fall

Mange fuglebestandar er i fritt fall på grunn av øydelegging av habitat, matmangel og spreiing av plast. Bygging av vindkraftverk kjem som ein tilleggsbelastning for fleire artar. Blant fuglane som trekkjer gjennom dei aktuelle områda er det registeret fleire raudlisteartar som sædgås, storspove og stjertand. Også lokale bestandar av hubro vil bli råka, meiner dei.

– No får vi ei storstilt vindkraftutbygging som ikkje tar omsyn til den samla verknaden på fugl. Kvifor brukar ein ikkje naturmangfaldlova? Kvar er Klima- og miljødepartementet i handteringa av vindkraftverk i norsk natur? Har Olje- og energidepartementet kuppa norsk naturforvaltning gjennom å forvalte energiloven? spør Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet.


Artikkeltags