Deltek på vindkraft-protest framfor Stortinget

OSLO: Vindkraftmotstandarar frå heile landet var i dag samla i Oslo for å aksjonere framfor Stortinget. Blant dei som har heldt appell er Tore Røys Nesbakk frå Bremanger. Sjå video nederst i saka!

DEL

Demonstrasjonen er i regi av den nystarta organisasjonen Motvind, som kjempar mot vindkraftutbygging på land i Norge. Aksjonen pågjekk heile søndag, og det var både kulturinnslag og ein lang rekke appellar, frå både kjende politikarar og lokale vindkraftmotstandarar frå heile landet.

Blant dei som har hatt appellar er Silje Lundberg frå Naturvernforbundet, Tor Punsvik frå La Naturen Leve, Eivind Salen, leiar i Motvind, naturfoftograf og SV-politikar Arne Nævra, Bjørnar Moxnes frå Raudt, MDG, Kystpartiet og Tore Røys Nesbakk, som heldt appell om planane om vindkraft på Bremangerlandet.

Ein rekke andre personar frå Bremanger deltok også på demonstrasjonen, som samla over 1200 personar frå mange delar av Norge.

Motvind Norge er ein organisasjon som vil ta opp kampen med vindindustrien på nasjonalt plan. MOTVIND Norge er no under stifting som medlemsorganisasjon.

    Video: Ingeborg Nebelung



    Artikkeltags