Vinden får konsekvensar for båttrafikken også tysdag

DEL

Tysdag morgon melder Norled at ekspressbåten til Bergen ikkje vil gå innom Smørhamn, slik det står i ruta.

Det er den sterke vinden som gjer at den ikkje går innom.

Fjord1 melder at Kystvegekspressen mellom Måløy og Florø med avgang klokka 08.30 frå Florø og 10.20 frå Måløy blir innstilte grunna vêret.

Artikkeltags