Gå til sidens hovedinnhold

Ville du kalla hesten din for «Corona»? Sjekk dei mest populære kjæledyrnamna her

Agria Dyreforsikring lager årlege lister over dei mest populære namna på kattene, hundane og hestane til deira kundar. Her er listene for 2020.

Om du har tenkt å skaffe deg eit kjæledyr er det mange ting du bør tenke på. Eit av dei minst viktige er nok namnet på dyret, likevel er det kanskje slik at det er akkurat dette vi brukar mest tid på? For dyret må jo ha eit namn som både er fint, og kanskje helst litt unikt.

Vil du at kjæledyret ditt skal ha eit namn som ikkje alle andre har, kan vi hjelpe deg.

Agria Dyreforsikring lager nemleg årlege lister over namna på kattene, hundane og hestane til kundane sine, og det viser seg at det er nokre namn som går igjen. Luna er til dømes det mest populære namnet, både for hundar og hestar. På lista over dei mest populære kattenamna må Luna nøye seg med ein andreplass. Her er det Simba som er på topp. For tredje år på rad.

Ser vi på lista over hestenamn kan vi notere oss at Corona er inne på lista, på 18.-plass. Om vi skal våge oss på ein titt inn i spåkula vil vi nok gjette på at det namnet kjem til å falle i popularitet dei nærmaste åra.

Nykommarar på hestelista er Facalini, Bonnie, Maximus, Herkules og Lotta. Nye kattenamn på lista er Lykke, Pepsi og Lucifer, medan hundeeigarane kanskje er litt meir konservative, for her er det ikkje meldt om nye namn på lista dette året.

Det er Frida, Oscar og Mira som er namnane som har falt ut av kattelista.

Her er dei 30 mest populære kattenamna;

  1. Simba
  2. Luna
  3. Felix
  4. Leo
  5. Pus
  6. Lucy
  7. Bella
  8. Nala
  9. Molly
  10. Zelda
  11. Milo
  12. Mia
  13. Linus
  14. Mio
  15. Max
  16. Sofus
  17. Balder
  18. Tassen
  19. Mons
  20. Oliver
  21. Ronja
  22. Tussi
  23. Selma
  24. Sofie
  25. Findus
  26. Lucifer
  27. Nemi
  28. Pepsi
  29. Lykke
  30. Loke

Dei 30 mest populære hundenamna:

  1. Luna
  2. Bella
  3. Molly
  4. Leo
  5. Mira
  6. Max
  7. Milo
  8. Kira
  9. Balder
  10. Frøya
  11. Stella
  12. Charlie
  13. Felix
  14. Ronja
  15. Theo
  16. Wilma
  17. Lykke
  18. Nala
  19. Odin
  20. Pia
  21. Saga
  22. Simba
  23. Teddy
  24. Storm
  25. Tinka
  26. Kompis
  27. Mia
  28. Lotta
  29. Tassen
  30. Dennis

Dei 30 mest populære hestenamna

  1. Luna
  2. Odin
  3. Lille My
  4. Lukas
  5. Ronja
  6. Casper
  7. Cassandra
  8. Hero
  9. Iris
  10. Loke
  11. Molly
  12. Sultan
  13. Aragon
  14. Balder
  15. Bella
  16. Birk
  17. Carisma
  18. Corona
  19. Emil
  20. Facalini
  21. Festus
  22. Frøya
  23. Harley
  24. Lotta
  25. Maximus
  26. Mira
  27. Beauty
  28. Bonnie
  29. Dakota
  30. Herkules

Kommentarer til denne saken