– Ja, er det unisone svaret frå Kinn kommune sin tv-aksjonskomité, som tysdag var innom Firdaposten for å promotere aksjonen som går av stabelen 18. oktober. Med komitéleiar Sidsel Kongsvik i spissen, utfordrar dei no både lokalt næringsliv, organisasjonar og enkeltpersonar på å opprette digitale innsamlingsbøsser for å bidra til det dei meiner er ein svært, svært viktig kamp: Å hindre at hava våre held fram med å forsøplast av plast.
– Det er viktig å presisere at pengane som World Wildlife Fund får inn gjennom tv-aksjonen, ikkje skal brukast til rydding av norske strender. Pengane skal brukast for å hindre at plasten i det heile tatt når ut i havet, seier Sidsel Kongsvik.
Det kan høyrast ut som ein nærmast umogleg prosjekt – men er det kanskje ikkje likevel. Kartleggingar har avslørt at 90 prosent av plasten som hamnar i havet kjem frå ti store elvar, der den kinesiske Yangtze-elva er versting, med 1,5 millionar tonn årleg. Også India har store problemelvar som forsøplar enormt, og samla hamnar det rundt åtte millionar tonn plast i havet årleg.

Oddrun ville visa dei kva som ligg på sjøbotnen: – Skremmande resultat, men kjekt å sjå engasjementet
No skal tiltaka i regi av WWF setjast inn i land som Thailand, Filippinane, India og Thailand, som er blant landa som har dei største utfordringane. Om ikkje ein får avgrensa og snudd trenden, har forskarar kalkulert at det i 2050 vil vere meir plast i havet enn fisk, samanlikna vektmessig.
Lett å bli med digitalt
– Plasten kjem hovudsakleg frå Asia. Men den endar opp som alle sitt problem, inkludert oss her på kysten av Vestlandet. Den er også eit stort problem for ein fiskeri- og kystkommune som Kinn, seier komitémedlem Marie Kronen Tveranger.
Men kva er ei digital innsamlingsbøsse? Korleis kan eg opprette ei slik og vere med på innsamlinga? Og korleis finn eg lokale bøsser i nærområdet mitt som eg kan gi pengar til? Alt om dette, og meir til, kan du lese om på WWF sine tv-aksjonssider ved å gå inn på nettsida blimed.no.
At temaet engasjerer mange og utløyser givarglede, er det liten tvil om.
– Måndag blei aksjonen tjuvstarta, og allereie no har det kome inn over ni millionar kroner, konstaterer komitemedlem Bjarne Holme, som håpar på litt kniving og konkurranse mellom lokale bedrifter om å samle inn mest mogleg frå Kinn kommune.
Arlene fekk pengar i Bremanger til ryddebåt
– Eg håpar måløyværingane kjenner si besøkstid i år, for dette er eit tema som absolutt bør engasjere. Det er ikkje til å stikke under ein stol at Vågsøy kommune tradisjonelt har ligge litt bak snittet når det gjeld å gi til tv-aksjonen. No har vi sjansen til å vise at nordre Kinn vil bidra skikkeleg, slår ho fast.
Berre eit kystproblem?
For dei som ikkje er så drivne i bruken av digitale flater er det likevel råd å støtte årets kontantlause tv-aksjon. Inne på Kinn kommune sine sider finn du informasjon om korleis du kan ringe pr. telefon, og på den måten gi din skjerv til det gode føremålet.
– Kan vi risikere at dette blir ein aksjon som kun engasjerer langs kysten vår, og at vi ikkje får dei folkerike innlandsområda til å opne lommeboka?
– Eg håpar ikkje det og eg trur det heller ikkje. Fokuset på plast i havet, og kva utfordringar det skapar, har vore eit sterkt, nasjonalt tema i fleire år no, sidan det hamna på dagsorden gjennom problema til havpattedyra våre. Eg trur dette vil engasjere, seier Kongsvik.