Gå til sidens hovedinnhold

Vil oppheve karantenekravet

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Det er berre eit tidsspørsmål før smitte blir påvist også i Kinn, spår kommuneoverlegen.

  • Trykk F5 - saka er oppdatert

– Det er framleis ingen påvist smitta med koronaviruset i Kinn og Bremanger kommunar, seier kommuneoverlege Jan Helge Dale til Firdaposten klokka 15.00 fredag.

Men han legg til at vi ikkje er langt unna å få vår første påviste koronasmitta.

– Det aukar på med påvist smitta i kommunane rundt oss, både i Solund, i Gloppen og i Sunnfjord – og det er berre eit tidsspørsmål før vi får eit positivt testresultat her også, seier Dale.

Les også

Innfører karantene også om du har vore på reise innanlands

Det gjer også til at kommuneoverlegen i løpet av helga vil oppheve karantenekravet for reise innanlands i Norge.
Førre søndag innførte kommunane i gamle Sogn og Fjordane fylke innført eit krav om karantene for alle som hadde vore i deler av Sør-Norge frå og med 12. mars, mellom anna Oslo, Trøndelag og gamle Hordaland fylke.
Målet var å hindre eller forseinke spreiinga av smitte.

– Det var eit nyttig tiltak, men når vi har smitte så tett innpå oss likevel, gir det ikkje meining å halde på karantenekravet. No kan du like godt bli smitta her heime som i dei større byane. Kravet vil difor bli oppheva dei nærmaste dagane, legg Dale til.

Kommuneoverlegen vil også skryte over dei som verkeleg har delteke i denne koronadugnaden så langt:

– Eg opplever at folk har teke situasjonen veldig på alvor, og har bidrege godt – både einskildpersonar og bedrifter har etterkomme dei målretta smitteråda. Det har vore vesentleg for å få forseinke utbreiinga av smitten, strekar Dale under.

Sjølv om karantenekravet vert oppheva, så ber regjeringa framleis folk om å reise minst mogleg, og berre gjennomføre reiser som er strengt nødvendige.

Regjeringa og Folkehelseinstituttet sa også fredag at det ville bli slutt på lokale karantenereglar i kommunane, og at dette skulle regulerast nasjonalt.

Les også

De stilte kommuneoverlegen spørsmål om korona. Her er svara hans

Les også

Kommuneoverlegen: – Sannsynlegvis er det koronasmitta i Kinn, sjølv om vi ikkje har påvist det

Kommentarer til denne saken