Det var i november i fjor at kommunedirektør Terje Heggheim informerte om innsparingstiltaket. Bordgleder KF i Florø skal ta over all matproduksjon i Kinn kommune, og den kommunale matproduksjonen i Måløy blir lagt ned.

Motstanden mot dette har vore stor i Måløy, og no ber Raudt om at saka blir løfta opp til politikarane.

– Den siste tida har det vore massiv motstand mot nedlegging av kjøkkenet i Måløy. Det har også over tid blitt sett fram antydningar om at reknestykket som administrasjonen har brukt ikkje stemmer og at innsparinga ikkje er reell. Ser man dette i samband med at Bordgleder må flytte til større lokale og må auke bemanninga så er det veldig mykje usikkerheit og tvil knytt til den økonomiske innsparingen.

Det skriv gruppeleiaren i Raudt, Daniel Henriksson og partikollega Marie Kronen Tveranger i ein epost som mellom anna er stila til ordføraren.

Raudt meiner saka er så stor og viktig at den burda ha vore handsama politisk i elderådet, i helse-. sosial og omsorgsutvalet, og i kommunestyret. Dei ber difor leiarane i utvala og ordføraren om å sette saka på sakslista i førstkommande møte.

Raudt tek sjølvkritikk på at dei er seint ute i denne saka. Dei meiner politikarane burde ha vore på bana tidlegare, men meiner at det trass i alt er betre seint enn aldri.