Gå til sidens hovedinnhold

Vil ha meir havbrukspengar til kommunane

NFKK, Nettverk fjord- og kystkommunar, har fått støtte frå blant andre Sjømat Norge for at meir pengar frå havbruksnæringa skal gå tilbake til kommunane.

I samband med revidert nasjonalbudsjettet i 2020 vart regjeringa og Frp samde om ei ordning der kommunar som legg til rette for havbruksnæringa, skal få ein kompensasjon for dette.

No betalar havbruksselskapa i dag 40 øre per kilo fisk tilbake til vertskommunane. NFLL meiner at denne ordninga må liggje fast, men vil at kommunane skal få ein større del av vekstpengane i tillegg. Dette får støtte frå organisasjonar som Sjømat Norge og Norsk Industri.

– Havbruksselskapa betalar betydelege summar for å ta del i veksten som blir lyst ut annakvart år. I 2018 betalte næringa fire milliardar kroner for dette, og i 2020 betalte dei seks milliardar kroner. Desse pengane blir fordelte mellom staten, fylka og vertskommunane. I 2020 vart fordelinga endra slik at kommunar og fylke får mindre enn tidlegare. NFKK, Sjømat Norge og Norsk Industri meiner at fordelinga må vere 50–50 mellom staten og kommunar/fylkeskommunar når ny tildelingsrunde skal skje i 2022, seier direktør for samfunnskontakt Aina Valland Sjømat Norge.

NFKK meiner i hovudsak at ordninga som gjeld i dag er god, men meiner likevel at nivået på kompensasjonen frå havbruksnæringa er for låg.

– Vi arbeider for å auka den delen som går til kommunar og fylkeskommunar, fordi det har ein kostnad å leggje til retten for næringsutvikling. Derfor er vi glade for at næringslivsorganisasjonane støttar oss i kravet, seier styreleiar Ole L. Haugen, som også er ordførar på Hitra.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken