Enova tilbyr opptil 150 millionar kroner i investeringsstøtte til prosjekt som kan produsere hydrogen frå fornybar kraft til maritim transport.

Målet er å gjere hydrogen tilgjengeleg langs norskekysten, slik at maritim sektor kan ta i bruk hydrogen som drivstoff, skriv Enova i ei pressemelding.

– Utviklinga av hydrogennæringa i Noreg vil bidra til at vi både kan kutte utslepp og skape fleire jobbar. Regjeringa vil halvere klimagassutsleppa frå skipsfarten innan 2030. Her vil hydrogen og ammoniakk spele ei viktig rolle. Det krev framleis innsats på teknologiutvikling og kostnadsreduksjonar langs heile verdikjeda, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

Hydrogen kan bli viktig for avkarbonisering av transport og industri i Noreg. Særleg i maritim sektor har Noreg ei unik moglegheit til å bidra til omstillinga, og norske aktørar ligg ifølgje Enova i front globalt. Men for at denne omstillinga skal komme i gang, må hydrogen vere tilgjengeleg til ein kostnad som dei første brukarane kan bere.

Enovas nye utlysing skal bidra til å gjere hydrogen meir tilgjengeleg som drivstoff, og dermed leggje til rette for teknologiutvikling for og demonstrasjon av bruk av hydrogen i maritim sektor. Enova er på jakt etter prosjekta med dei mest kostnadseffektive løysingane, som har høg bruksutnytting og sunne forretningsmodellar.

– Regjeringa vil bidra til å byggje opp ei samanhengande verdikjede for hydrogen med låge eller ingen utslepp, der produksjon, distribusjon og bruk blir utvikla parallelt. I statsbudsjettet for 2022 følgjer regjeringa opp denne ambisjonen med forslag til auka løyvingar til arbeidet med hydrogen gjennom Forskingsrådet og Enova. Regjeringa vil òg setje i gang eit heilskapleg utgreiingsarbeid innan hydrogen, seier olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap).

(©NPK)