Vil du studere i Bergen? Krava blir stadig tøffare

KORONAEFFEKT: Dei rekordhøge søkjartala til Universitetet i Bergen skuldast delvis koronakrisa, meiner viserektor Oddrun Samdal.

KORONAEFFEKT: Dei rekordhøge søkjartala til Universitetet i Bergen skuldast delvis koronakrisa, meiner viserektor Oddrun Samdal. Foto:

Aldri før har så mange unge blinka seg ut Universitetet i Bergen som studiestad. Det merkast på opptakskrava.

DEL

Nålauget har blitt trongare enn nokon gong ved Universitetet i Bergen. Rekordmange har søkt seg til vestlandshovudstaden sitt universitet, og karakterkrava til dei mest populære studia har auka.

Samordna opptak offentleggjorde før helga dei nasjonale opptakstala som viser at UiB no tilbyr plass til 9564 nye studentar komande haust, og det er 10 prosent fleire enn i fjor. UiB har aldri før sendt ut så mange tilbod om studieplass.

Viserektor for utdanning Oddrun Samdal gler seg over tala og ser fram til å ønskje velkomen til studiestart – både fysisk og digitalt.

­– Vi marknadsfører oss med «UiB treng tankane dine» og vi ser fram til å ta imot så mange kloke hovud, også denne hausten. Men eit klokt hovud fungerer ikkje utan eit varmt hjarte. No jobbar vi på spreng med å førebu ein inkluderande og sosial studiestart, der smittevernet er ivareteke, seier Samdal.

UiB har fått tildelt nye studieplassar på fleire studier i år gjennom regjeringa sitt utdanningsløft på grunn av koronakrisa.

Trangare nålauge for populære studium

Som vanleg er dei høgaste karakterkrava på innan medisin, odontologi, psykologi og rettsvitskap. Her er krava høgare enn tidlegare år.

Poenggrensa for å komme inn på medisin er den høgaste nokosinne, sjølv om universitetet har fått 20 nye studieplassar i år. Her er poenggrensa i år 60,1 poeng for dei som er under 21 år og søkjer på grunnlag av opprinneleg vitnemål frå vidaregående skule, den såkalte «førstegangskvoten» som dekkjer halvparten av studieplassane.

Det er også hard kamp om plassane på bachelorprogramma i journalistikk og TV-produksjon der det er mange søkjarar til få studieplassar. Utdanninga i ved UiB er knytta til Media City Bergen som tidlegare i sommar fekk sitt første senter for fremragende innovasjon (SFI) – MediaFutures.

Andre utdanningar med høgt karaktersnitt og mange søkjarar er bachelorprogramma i human ernæring, medisinsk teknologi og kognitiv vitskap.

Voldsom vekst for årsstudium

Den mest markante veksten, både hjå UiB og andre institusjonar, er årsstudium. Dette er eittårige studieprogram som i utgangspunktet ikkje del av ein grad. Her var 655 fleire søkjarar enn i fjor som hadde årsstudium ved UiB som sitt førsteval. Aller mest populært er årsstudium i informatikk, som også fekk 20 nye studieplassar i regjeringa si «koronapakke». Her er poenggrensa 63,0 og 184 søkjarar konkurrerte om 30 studieplassar.

­­– Mange ønskjer nok å ta meir utdanning på grunn av ein usikker arbeidsmarknad, eller dei utset planar om å ta eit friår for reising eller arbeid. Uansett er vi glade for at så mange vel høgare utdanning, også i usikre tider, seier Samdal.

Eit annet årsstudium med auka popularitet er kjønn, seksualitet og mangfald. Her var det 48 prosent fleire førstevalssøkjarar enn i fjor.

– Vi ser ikkje bort frå at den siste tidas mange debattar om mangfald i samfunnet, kan ha medverka til den auka interessa. Dette er dessutan eit tverrfagleg studium, noko som UiB har satsa mykje på og vil styrke satsinga på framover, seier Samdal.

Det er også stor auke i talet på søkjarar på årsstudia i pedagogikk, informasjonsvitskap, samfunnsøkonomi og samanliknande politikk.

Færre vil ta lektorutdanning

Lektorutdanning er også ei sentral satsing ved UiB, i tråd med samfunnets behov. UiB har fått nye studieplassar her også i år. Generelt er søkjartala åtte prosent lågare enn i fjor, men det er 16 prosent fleire som vil bli norsklærarar.

– Det er gledeleg at fleire vil bli norsklærar. Samtidig ønskjer vi oss endå fleire søkjarar til alle lektorprogramma våre. Læraryrket tilbyr trygge og viktige jobbar, som Norge har stor bruk for, seier Oddrun Samdal.

Rekordår for realfag og teknologi

Årets søkjartal viser at realfag og teknologifag er meir populære enn på lenge. I år er det 45 prosent fleire søkjarar enn i fjor til Det matematisk-naturvitenskapelege fakultet.

Bachelorprogram i Geovitenskap utmerkar seg med ein enorm auke på 190 prosent. I dette studiet står bærekraft og framtidas utfordringar sentralt. Andre studieprogram som utmerkar seg innan realfag og teknologi, er bachelorprogramma i molekylærbiologi, statistikk, energi og informatikk.

­– Det grøne skiftet og ønsket om å løyse framtidas utfordringar pregar valet av studium, også i år. Det er gledeleg og i tråd med korleis vi utviklar nye og eksisterande studieprogram, seier Oddrun Samdal.

Masteropptaket tidlegare i sommar viste også tilsvarande trendar.

Artikkeltags