Forslaget bygger på helsefaglege og smittevernfaglege anbefalingar frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet.

Det er eit pågåande utbrot av apekoppar i Norge. Verdas helseorganisasjon (WHO) har nyleg erklært apekopputbrotet som ei «alvorleg hending av betydning for internasjonal folkehelse». Det er viktig med naudsynte tiltak slik at sjukdommen ikkje etablerer seg i Norge, sjølv om Folkehelseinstituttet vurderer at det er svært lite sannsyn for ein epidemi av apekoppar i samfunnet vårt.

Ei klassifisering vil bidra til å sikre god smittesporing ved at legar har plikt til smittesporing, og at terskelen for å oppsøke lege blir seinka ved å gi gratis undersøking og behandling. Det vil også bidra til at pasientar som mistenker smitte får ei plikt til å oppsøke lege, og at det er moglegheit til å nedlegge arbeidsforbod og dermed sjukemelde høgrisikokontaktar for å hindre vidare smitte til sårbare grupper.

I tråd med vurderingar fra Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet hastar det med å klassifisere apekoppar som ein allmennfarleg smittsam sjukdom. Ei ordinær høyringstid på tre månader vil høgst sannsynleg få negativ betydning for utbrotshandteringa. I lys av dette er det difor nødvendig med ei forkorta høyringsfrist for å sikre at forskriftsendring kan vedtakast og settast i kraft så raskt som mogleg.

Departementet har difor satt høyringsfristen til to veker.