Arbeidarpartiet si stortingsgruppe lanserer no ein tredelt plan for å berge norsk maritim sektor frå konkursar som følgje av koronapandemien.
- Vi er uroa over krisa som har råka maritim sektor. Verft står i fare for å gå konkurs. Over halvparten av verfta kan forsvinne og då misser Norge eit viktig konkurransevåpen når vi står midt i overgangen til ein grøn og utsleppsfri skipsfart. No treng vi handling, seier Ap sin næringspolitiske talsperson, Terje Aaasland.
Tre tiltak
Han meiner regjeringa så langt har kome med for få tiltak som hjelper, og revidert nasjonalbudsjett inneheld ikkje dei tiltakene som trengst. For å møte krisa lanserer Arbeiderpartiet tre konkrete tiltak for maritim sektor:
Statlege prosjekt skal framskundast, den norske flåten må fornyast og ein skal utgreie og realisere prosjekt som tek i bruk hydrogen som energikjelde i båtar.
For å lukkast med det siste, må styremaktene leggje til rette for at verfta kan byggje hydrogendrivne hurtigbåtar og ferjer så raskt som mogleg, meiner Aasland.
Kome ut grønare
På forslagslista si elles har Ap bygging av to nye forskingsfartøy til Havforskingsinstituttet, auke av midlane til investeringar i Sjøforsvaret, betre kartlegging og overvaking av norskekysten, samt innføring av ei ordning for miljøvenleg resirkulering av utrangerte fartøy og plattformer, for å nemne noko.
- Målet vårt er at vi kjem ut av koronakrisa med eit samfunn som er meir rettferdig og meir klimavenleg – og med sterkare fellesskap. Skal vi klare det, må vi få folk tilbake i jobb raskt. Difor hastar det å setje inn tiltak som kan sikre og skape framtidsretta jobbar i maritim sektor, seier Terje Aasland.