Vikingblod er eit legendarisk Florø-band. Ikkje minst på grunn av songen «Florø by» som blir spelt før kvar einaste heimekamp på Florø stadion, men dei er så mykje meir enn det. Heime i Florø var dei store, men dei har tatt musikken med seg også utanfor både by-, kommune- og fylkesgrense.

Bandet blei starta opp i 1992 på eit nachspiel i Florø. Det var i romjula, og året etter debuterte dei på plate med CD-en «Bøddel». Jan Erik Jeppesen var vokalist og frontfigur. Stian Dolve trakterte gitaren, medan rytmeseksjonen var bassmann Hallvard H. Lunde og trommeslagar Jan Otto «Dr. Killdrum».

Reunion på Shamrock

Livet tok musikantane i ulike retningar, og vikingblodet banka ikkje like kraftig fram mot hundreårsskiftet, men i forkant av 40-årsdagen til trommeslagar Jan Otto Hovden samla bandet seg til ein reunion. Jeppesen blei erstatta av ikkje heilt ukjende Jan Kjetil Klubben, og på øvingane fekk bandet stadfesta at dei framleis hadde noko å fare med.

Bildeserie

Vikingblod i 30 år

I 2009 spelte dei reunionkonsert på Shamrock. Deira første konsert på 14 år. Sidan blei det fleire spelejobbar, og i 2012 var dei i studio igjen for første gong på 19 år. To nye låtar blei etter kvart til eit nytt album i 2013. «Neste Skritt» kan du finne på Spotify om du treng ei oppfrisking på kva bandet står for.

Til jul er det 30 år sidan bandet blei danna. Då er det sjølvsagt på tide å finne på noko morosamt igjen.

Julemenuett

– I romjula i 1992 såg flørøbandet Vikingblod dagens lys, eller kan hende meir vinternatta sitt mørke? For å feire at dette no er 30 år sidan, har dei tilårskomne gutekvelpane samla saman vener, familie, stearinlys og kassegitar og teke turen i studio.

Det skriv bandet sjølv på Facebook, og resultatet kan du høyre sjølv allereie torsdag denne veka. Då slepp dei låten som dei sjølv skildrar slik:

– Ein stemningsfull julemenuett bygd på bandet sin gamle klassikar «Heim».

Om du lurar på kva ein menuett er for noko kan vi røpe at det er ein gamal fransk pardans, som går temmeleg sakte i 3/4 takt. Eller det kan vise til musikken for denne dansen. Vi får tru at Vikingblod meiner det siste, og ikkje har meldt seg på «Skal vi danse»

Og venene som er med på denne julemenuetten er Asbjørn Vie på tangentar, Sanja Dukanac på cello og Maria Sævrøy Underdal på song. Creme de la creme som Kamelen ville sagt det. Resultatet kan du altså høyre sjølv på Spotify torsdag, du finn den nok her. Journalisten har fått ein prøvelytt og kan stadfeste det som Firdaposten har skrive i nær sagt alle saker om bandet dei siste tjue åra.

Dei blir berre betre og betre med åra.

Her kan du sjølv få ein smakebit: