Sju søkarar utan skuleplass i Flora til hausten

Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Etter andre inntak til vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane står 93 søkarar med ungdomsrett utan tilbod. 21 av desse søkte påbygg generell studiekompetanse. 7 av dei på Flora vidaregåande skule

DEL

28. juli fekk 67 fleire søkarar tilbod om plass ved vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Av dei om lag 160 søkarane med ungdomsrett som stod utan skuleplass etter første inntak 05. juli, er det no 93 igjen.

– Totalt er det fleire utan tilbod i år enn i fjor, seier Ingeborg Fredheim ved fylkeskommunen, som kan fortelje at det i fjor var 76 søkarar utan tilbod etter andre inntak.

– Det er fordi det ikkje matchar. Dei har ikkje søkt der det er ledig, seier Fredheim. For trass i at det no er 93 som står utan tilbod om skuleplass, er det framleis 378 ledige skuleplassar på andre linjer i fylket.

Søker påbygg... 

Det er i hovudsak søkarane til påbygg generell studiekompetanse som står utan skuleplass til hausten, med heile 21 søkarar utan tilbod.

Forutan Dale vidaregåande er alle linjene med påbygg i Sogn og Fjordane fulle. På Eid vidaregåande skule står det heile ti søkarar til påbygg utan tilbod, og tala for Flora og Hafstad vidaregåande er høvesvis sju og fire.

– Ein søker jo der ein ønsker å gå, så dette blir ulikt ifrå år til år, seier Fredheim.

Men slik var det ikkje denne gongen. Både i fjor og i år er det 21 søkarar som ikkje har fått skuleplass ved påbygg til generell studiekompetanse. Dale vidaregåande står igjen som den einaste skulen i fylket med ledige plassar på linja, og i år har dei fem ufylte plassar for å fullføre studiekompetansen.

... og bygg

Også på Bygg- og annleggsteknikk på Mo og Øyrane vidaregåande skule står 10 søkarar utan tilbod til hausten. Her har Sogndal, Flora og Årdal vidaregåande ledige plassar på same linje.

Svarfristen for andreinntaket er 4. august, og ifrå 14. august er det skulane sjølve som har ansvar for inntaket.

– Her må søkarane vere aktive med å ta kontakt med skulane hvis dei har ledige plassar, seier Fredheim til Firda.

Artikkeltags