Onsdag var det årsmøte i Sogn og Fjordane Fiskarlag. Det kan ha vore det siste ordinære årsmøtet i laget. Under føresetnad av at dei andre medlemslaga gjer likelydande vedtak slår dei seg no saman med Fiskarlaget sine andre lag i Sør-Norge.
Etter årsmøte var det festmiddag, og her nytta laget høvet til å utnemne heile åtte æresmedlemmar. Blant dei var den tidlegare statssekretæren Vidar Ulriksen frå Batalden.
– Vidar Ulriksen er å kalle ein bauta i fiskerimiljøet og organisasjonsarbeidet i heimefylket. Som tidlegare leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag, landsstyremedlem og nestleiar i Noregs Fiskarlag, og to bolkar som statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet. Få har røynt så mange sider av fiskeria som Vidar Ulriksen, heile tida med yrkesbrørne sin tillit i bagasjen. Det er ei glede å innstille han til æresmedlemskap.
Ulriksen var ikkje det einaste kjende namnet på lista. Her er det fleire som har utmerka seg på mange område, og har gjort ein god jobb for fiskarlaget over tid.
Lista over dei åtte nye æresmedlemmene ser slik ut:
- Vidar Ulriksen
- Nils Myklebust
- Geir Magne Røys
- Dagmund Madsen
- Jarl Magne Silden
- Norvald Fedøy
- Oddlaug Osmundsvåg
- Ann Karin Oldeide
Grunngjevinga for kvar enkelt finn du på nettsidene til Fiskarlaget.