– Vi treng pendlarrute

KREV TILTAK: Marius Strømmen, ordførarkandidat i Bremanger, meiner noko må gjerast for å bøte på at det etablerte samferdslemønsteret gjennom Skatestraumtunnelen er blokkert i lang tid.

KREV TILTAK: Marius Strømmen, ordførarkandidat i Bremanger, meiner noko må gjerast for å bøte på at det etablerte samferdslemønsteret gjennom Skatestraumtunnelen er blokkert i lang tid.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Vi kan ikkje sette livet på pause lokalt så lenge Skatestraumtunnelen er ute av drift. Vi treng ei rask løysing.

DEL

Det seier ordførarkandidat for Senterpartiet, Marius Strømmen og målber med det noko eit samla politisk miljø i Bremanger stiller seg bak.

– Vi er alle glade for at der ikkje gjekk liv, og vi rosar alle som gjorde eit fantastisk arbeid i alle redningstenestene. Medan vi ventar på utbetringa- er det eit lokalsamfunn som lir både av dårleg kommunikasjon for å komme seg på arbeid, fritidsaktivitetar, og eit lokalt næringsliv som treng transportmoglegheiter! Bremanger Senterparti forventar no handling frå dei sentrale politikarane i Sogn & Fjordane Fylkeskommune, poengterer Strømmen.

Bremanger Senterparti og avtroppande ordførar Karl Vidar Førde har denne veka sendt brev til fylkeskommunen for å få på plass passasjertransport mellom Leirgulen-Klubben-Måløy.

– Vi ser det som naudsynt at vi får på plass slik transport for å gjere kvardagen leveleg for dei som bur i området, og har behov for tunnelen kvardag for å komme seg på arbeid og fritidsaktivitetar. Vi kan ikkje sette livet på pause sjølv om vi har ein tunnel ute av drift, og då må vi ha på plass ei pendlarrute, seier Marius Strømmen.

Ordføraren har dei siste vekene arbeidd for å få dei båtane oppretta fleire rutebåtstopp i Leirgulen. Til dømes speglvendtruta til Norled frå Bergen til Selje kl. 08.00, og returen frå Selje kl. 16.40. Det ville ha hjelpt pendlarane. Kystvegekspressen er også aktuell i tillegg til ein eigen pendlarbåt.