- Vi treng den norske bonden i koronatider

HØGST NAUDSYNT: Å ha ein bondestand og livskraftige bruk er viktigare enn nokon sinne, skriv Ådne Reidar Nes Kleppe frå Stad.

HØGST NAUDSYNT: Å ha ein bondestand og livskraftige bruk er viktigare enn nokon sinne, skriv Ådne Reidar Nes Kleppe frå Stad.

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.No i koronaen si tid, innser mange kva som er viktig for oss. Vi set pris på at vi bur i eit høgt utvikla, rikt land som har ein sterk velferdsstat som skal dekke behova til dei norske innbyggjarane. Vi set litt ekstra pris på ein prat med familie og vener, og vi set også pris på at vi kan gå turar i vakre omgjevnadar, mellom fjord og fjell. Set vi derimot nok pris på den norske bonden?

I 2019 hadde vi i Noreg 38.938 gardsbruk. I 1969 hadde vi 154.977 gardsbruk. I 2019 har vi altså 25 prosent av talet på gardsbruk vi hadde i 1969. 12 prosent av norske bønder er heiltidsbønder, det vil seie at dei får 90 prosent eller meir av inntekta si frå jordbruk. Tal frå statistisk sentralbyrå viser at løn frå ein tilleggsjobb ofte kan utgjere så mykje som ein tredel, eller meir, sett i samanlikning med den reine næringsinntekta bonden har får jordbruket.

Eg er ikkje bonde sjølv, men eg kjenner mange som er bønder. Det er hardt arbeid frå morgon til kveld, og ofte lite løn i forhold til arbeidsmengda. Bonden står opp tidleg om morgonen, lenge før dei fleste av oss andre tenkjer på å stå på opp. Han eller ho skal fore dyra sine og sikre at deira behov vert dekka. Mange bønder har òg familie som dei så gjerne vil bruke tid saman med, i ein allereie tidspressa kvardag. I tillegg til dette har, som eg allereie har nemnt, majoriteten av norske bønder ein jobb nummer to for å få økonomien til å gå opp. Den norske bonden er så mykje meir enn berre ein matprodusent. Over heile Noreg er bønder aktive i sine lokalmiljø i å bevare det norske kulturlandskapet, brøyte vegar og vedlikehalde gard og grunn .

I desse tider ser vi kor sårbare våre internasjonale relasjonar og handelsmønster kan vere. Vi ser i desse dagar korleis land etter land har stogga eksport av varer til andre land, ettersom regjeringane har bestemt at landet skal prioritere eiga befolkning. Kornlagera i Noreg har over tid blitt bygd ned, og mellom anna har det tidlegare kornlageret i Oslo blitt bygd om til studentbustadar. Vi må ikkje vere naive og tru at vi til ei kvar tid kan vere sikre på at andre land vil sikre vår matforsyning. I 2018 hadde vi ei av dei verste tørkekrisene i Noreg si historie, der vi det året importerte 70 prosent av matkornet som vart nytta til mjøl, der mesteparten kom frå Kasakhstan og Polen. Kvart år importerer vi òg mange tusen tonn med kjøt frå utlandet. Den norske sjølvforsyningsgraden er i dag på 40 prosent, altså langt under det vi treng for å sikre mat til den norske befolkninga. Vi ser til stadigheit korleis klimaendringane skapar nye utfordringar, og ein av dei er at det vert vanskelegare å produsere mat på ulike stadar rundt omkring i verda.

Landbrukspolitikk kan i stor grad sjåast i samanheng med distriktspolitikk, sjølv om distriktspolitikk langt frå berre er landbrukspolitikk. Jordbruket er ein stor sysselsetjar i distriktsnoreg. Eg siterar frå «Gårdbrukeres arbeidstilbud i et regionalpolitisk perspektiv», ei analyse frå By- og regionforskningsinstituttet, av Hild-Marte Bjørnsen og Steinar Johansen: «Selv om bønder i distriktene tilbyr færre arbeidstimer enn bønder i sentrale strøk, er det i distriktene landbruket har størst betydning for den lokale økonomiske aktiviteten. I distriktene er det dessuten vanskelig å erstatte landbruket som «sysselsetter». Alternativet til å opprettholde landbruksproduksjonen vil derfor være økt sentralisering.» Ved å støtte norsk landbruk, er du òg med på å støtte arbeidsplassar i distriktsnoreg.

I tillegg til at vi bør sikre sjølvforsyningsgraden vår av mat, er det òg eit tankekors at vi i ei tid prega av klimaendringar skal importere mat frå andre land, som må fraktast store distansar og skapar unødig forureining. Hadde det ikkje vore betre å produsere dette her heime, der vi både sikrar arbeidsplassar til bønder og sekundærprodusentar, minimerar karbonavtrykk knytt til transport, bevarer det norske kulturlandskapet og har ei høg sjølvforsyningsgrad?

Den norske bonden held til på austlandet, sørlandet, vestlandet, midt-Noreg og i Nord-Noreg. Han held til i ulike område, har ulike arbeidsoppgåver og ulike vilkår. Vi er avhengige av kvar og ein av dei for å sikre at vi har eit variert mattilbod for heile Noreg. Støtt den norske bonden, og kjøp norskprodusert mat når du handlar! Noreg treng bonden.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken