– Vi skal bruke sunn fornuft

DER OG DÅ: Under pressekonferansen til statsminister Erna Solberg sat kommuneoverlege Jan Helge Dale, kommunalsjef for Helse og velferd Norunn Stavø, kommunalsjef for oppvekst og undervisning, Ellen Jåvold og kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø Rolf Bjarne Sund og ordførar i Kinn, Ola Teigen på rådmann Terje Heggheim sitt kontor for å koordinere nasjonale krav til Kinn kommune.

DER OG DÅ: Under pressekonferansen til statsminister Erna Solberg sat kommuneoverlege Jan Helge Dale, kommunalsjef for Helse og velferd Norunn Stavø, kommunalsjef for oppvekst og undervisning, Ellen Jåvold og kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø Rolf Bjarne Sund og ordførar i Kinn, Ola Teigen på rådmann Terje Heggheim sitt kontor for å koordinere nasjonale krav til Kinn kommune. Foto:

Alle skular skal stenge, men det er gjort ei vurdering om at alle elevar skal kunne komme og hente klede og skulemateriell og få svar på eventuelle spørsmål dei måtte ha i morgon. Det bestemte leiinga i Kinn kommune torsdag.

DEL

Kommuneoverlegen er heilt klar på at det er tryggare for elevar å hente skulemateriell og utstyr for heimeundervisning no.

– Vi har ikkje smitte i Kinn kommune, og dette gjer vi tryggare no enn ut i neste veke då korona smitta kanskje er komen, slår kommuneoverlege Jan Helge Dale fast.

Erna Solberg kom med dei nasjonale korona-tiltaka like etter klokka 14.00 torsdag. Under pressekonferansen sat kommuneoverlege Jan Helge Dale, kommunalsjef for Helse og velferd Norunn Stavø, kommunalsjef for oppvekst og undervisning, Ellen Jåvold og kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø Rolf Bjarne Sund, og ordførar Ola Teigen på rådmann Terje Heggheim sitt kontor. Her sat dei og lytta til statsministeren på fjernsyn og snakka i korte setningar til kvarandre for å kunne finne ut korleis dei nasjonale krava ville slå ut lokalt i Kinn.

Dei kunne no områ seg nokre minutt, få ut korrekt dokumentasjon ifrå regjeringshald og distribuere dette, før dei gjekk i møte med alle tenesteleiarane for skulane og barnehagane i Kinn.

Felles informasjon

Det var på mange måtar ein syretest på korleis du skal handtere ein krisesituasjon. For dette er ein situasjon inga kommuneleiing har vore oppe i tidlegare. Og difor vil det vere tusenvis av spørsmål frå folk som er redde for den situasjonen vi no går inn i.

RÅDMANN: Terje Heggheim forklarte tenesteleiarane for skule og barnehagar for kva tiltak som skal gjerast i samband med korona-pandemien.

RÅDMANN: Terje Heggheim forklarte tenesteleiarane for skule og barnehagar for kva tiltak som skal gjerast i samband med korona-pandemien. Foto:

At tenesteleiarane skulle få informasjon om stenging, i det ikkje var tid nok til å informere elevar og foreldre, var også ei utfordring.

Kommunelege Jan Helge Dale var klar på at dei nasjonale krava skal kunne forståast ut ifrå den situasjonen som no er i Kinn. Og i Kinn er statusen at ingen er smitta. Og som statsminister Erna Solberg peika på så tek ein kraftig grep no for å kunne sleppe opp seinare. Og såleis var Dale klar på at panikken ikkje måtte få styre fritt då det no blir gjort eit kraftig førebyggande tiltak for å få bukt med ein sjukdom som har vist seg å vere svært smittsam.

Trygt no

– Dette er eit førebyggande tiltak og no er det viktig at vi tek styring. Då skal alle vite at det er like trygt for elevar å komme på skulen og hente skulemateriellet sitt i morgon, som det var for tre veker sidan, var den klare talen ifrå kommuneoverlegen.

TEK GREP: Jan Helge Dale, kommuneoverlege i Kinn meiner det er viktig at folk brukar sunn fornuft og er solidariske til dei nasjonale grepa som no blir gjort for å hindre korona-smitten å spreie seg.

TEK GREP: Jan Helge Dale, kommuneoverlege i Kinn meiner det er viktig at folk brukar sunn fornuft og er solidariske til dei nasjonale grepa som no blir gjort for å hindre korona-smitten å spreie seg. Foto:

Det er frå nasjonalt hald bestemt at skulane skal stengast. Og det er bestemt at det no skal leggast til rette for fjernundervisning av elevane. Leiinga i Kinn har no gjort ei vurdering på at det er tryggare for elevar å komme på skulen fredag for å hente klede, skulemateriell og utstyr til fjernunderviusning.

– Det er riktig av oss at elevane kan komme på skulen og hente det dei har bruk for no, framfor å kontakte skulen i neste veke då smitten kan ha kome til oss, seier kommuneoverlegen.

Tilbod i skulen

For no er det bestemt at skulane skal stengast. Det er det generelle nasjonale pålegget. Men det skal framleis vere eit tilbod for dei borna som har spesielle behov (som betyr andre enn dei med lese og skrivevanskar) og for born med foreldre som har samfunnskritiske jobbar. Dette er alle i helsesektoren, men også born til reinhaldarar og andre som har jobbar som er av samfunnskritisk betydning. Kven dette gjeld er noko dei skal utarbeide i detalj. Men per no er det klart at dette skal takast kommunal styring over.

TENESTELEIARANE: Alle tenesteleiarane for skular og barnehagar i Kinn var torsdag samla i koordinerande informasjonsmøte om korona-sjukdommen.

TENESTELEIARANE: Alle tenesteleiarane for skular og barnehagar i Kinn var torsdag samla i koordinerande informasjonsmøte om korona-sjukdommen. Foto:

For ei klar problemstilling som kom fram på møtet er at mange ønskjer å definere seg inn i kategorien samfunnskritisk, medan andre ikkje ønskjer å vere del av denne kategorien. Dette skal styrast kommunalt, er no bestemt.

Det kjem til å komme meir informasjon til innbyggarane i Kinn i tida framover.

Artikkeltags