Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Arbeiderpartiet i Stad, Kinn, Bremanger og Vanylven har med vantru registrert SV sitt framlegg til statsbudsjett. Dei vel å sjå vekk frå alle rapportar og utgreiingar som har vore gjort i fleire tiår, og skrotar Stad Skipstunnel med eit pennestrok!
Som salderingspost vel dei å oftre det einaste samferdsleprosjektet til sjøs – og til kva pris? Eit prosjekt som kostar ei knapp stortingsgarasje!
Stad Skipstunnel er eit prosjekt som er avgjerande for for liv og helse, for næringsliv og næringsutvikling og for framtidig verdiskaping i denne delen av kyst-Noreg.
Det er òg eit viktig element i arbeidet med å få godstransport over frå landtransport til sjø. Dette i seg sjølv er eit miljøtiltak som vil redusere CO₂-utslepp radikalt på Stadhavet. Noko som SV vil løyve ekstra pengar til – berre ikkje her ser det ut som.
I ein del av landet der samferdsle er vanskeleg - der også europavegane manglar gulstripe - er det naudsynt at Regjeringa sikrar at vi i det minste skal kunne nytte riksveg 1 – kystleia nord/sør.
Arbeiderpartiet har både lokalt, regionalt og sentralt arbeidd for dette i tiår, og vi aktar ikkje å gje opp kampen med dette. Våre haldningar til SV sitt alternative budsjett er grundig kommunisert til regjeringsapparatet vårt.