Torsdag 23. mai handsama fellesnemnda for Vestland budsjett fpor 2020 og økonomiplan for 2020-2023, og som ein del av dette vegsaker som Fv 514 Svelgen - Indrehus.

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes fortel at Arbeiderpartiet står fast på prioriteringa av Kystveg-parsellen.

Prosjektleiar Rune Haugsdal tilrådde i si saksutgreiing i investeringsbudsjettet at prosjekt som er definert som ikkje påbegynte i arbeidsdokument nr 2/19 skulle utsetjast i eitt år. 

- Dette ville mellom anna ramme framdrift for Fv614 Svelgen – Indrehus, fortel Kjelsnes. 

I tillegg sto det i saksutgreiinga at «på lenger sikt ser prosjektleiar at det kan vere naudsynt å tilrå å prioritere vekk nokon av investeringsprosjekta, men meiner at dette er noko vi kan kome attende til etter at det nye fylkestinget for Vestland er på plass».

Arbeiderpartiet, som har vore ein forkjempar for kystvegen og parsellen Svelgen – Indrehus over fleire år, ville ikkje vere med på å skape slik uvisse for Fv614 si framtid, seier Kjelsnes. 

Difor fremja dei forslag om at dette prosjektet ikkje skulle skyvast ut i tid. 

- Det er eit tydeleg signal om at Arbeiderpartiet står fast på prioriteringa av Fv614 Svelgen – Indrehus, og at partiet vil halde sine lovnader forutvikling av  kysten, seier Kjelsnes. 

Dessverre ville ikkje resten av partia vere like faste i fisken, så framlegget fekk kun Arbeiderpartiet sine røyster, pluss røysta til Bjørn Hollevik frå Høgre.

 

Etter at Arbeiderpartiet sitt framlegg vart nedstemt samla finansutvalet seg om å foreløpig legge til grunn den investeringsramma dokumentet la opp til for 2020, men finansutvalet ba samstundes om at planlegginga av vedtekne investeringsprosjekt held fram slik at det ikkje oppstår forseinkingar. 

Det betyr, slik Kjelsnes ser det, at planlegginga også for Svelgen – Indrehus skal halde fram.

Ho er klar på at Arbeiderpartiet vil fortsette å kjempe for at Fv614 Svelgen – Indrehus skal startast opp etter den tidsplanen fylkestinget i Sogn og Fjordane tidlegare har slege fast prosjektet skal gjennomførast i.  Det er heilt avgjerande for å få fart på den utviklinga partiet ønskjer for kystsamfunna, seier ho.