Vi som er plasstillitsvalde i Utdanningsforbundet og Fagforbundet (FUS) på dei største skulane i Kinn kommune, Florø barneskole og Florø ungdomsskule oppmodar kommuneleiinga og politikarane til å innføre heimeskule måndag og tysdag neste veke. Dette ynskjer vi for at alle skal få ei trygg og god julefeiring, både elevar og dei tilsette med familie.

Vi alle har sett fram til ei meir normal julefeiring i år. Der vi kunne få samle dei som vi ikkje fekk vere saman med i fjor. Så eksploderer det igjen, og antal born og unge som er smitta har aldri vore høgare i Florø.

Slik vi ser situasjonen no er det aukande smitte blant barn og ungdomar. Vi opplever mange bekymra elevar og foreldre som er redde for at julehøgtida blir øydelagt, og at dei ikkje får feire jul med familien sin. Slik karantenereglane er no er det stor risiko for at nettopp det kan skje, at ein ikkje får feire jul saman med resten av familien, fordi at ein er i karantene.

Mange elevar er òg svært uroa for at dei skal dra med seg smitte. Der dei kan påføre besteforeldre og andre familiemedlemmer, som ikkje vil tole å få covid-19.

Vi som er tilsette i skulane kjenner også på denne uroa. Vi har også familie. Vi har også eigne barn og barnebarn som vi gjerne vil feire jul saman med.

På Florø ungdomsskule og Florø barneskule er også bemanningssituasjonen hardt råka, noko som betyr ei ekstra stor belastninga for dei tilsette som er igjen. Dette kjem i tillegg til den store belastninga vi har hatt i lengre tid. Dette er svært krevjande å stå i, for dei som er igjen på skulen.