Gå til sidens hovedinnhold

– Vi må unngå intern krig

FLORØ: Norges Fiskarlag er i krise etter at fiskarane i Troms og Finnmark har meldt seg ut. - Vi må ikkje la det gå så langt at det blir intern krig i næringa.

Bankline-reiar Øystein Sandøy var ei av dei tydelegaste stemmene i debatten på årsmøtet i Sogn og Fjordane Fiskarlag; der dagleg leiar i Fiskarlaget Nord, Jon-Erik Henriksen, var observatør. Ei viktig årsak til usemja er at kystfiskarane i nord meiner at dei havgåande flåtegruppene har fått for stor makt og får fangste for stor del av fiskeressursane for nær kysten.

Med fargerike ordbilde frå krigstid av Nordahl Grieg og den amerikanske presidenten Abraham Lincoln, slo Sandøy fast at no må ein sette seg til forhandlingsbordet og finne saman igjen med yrkesbrørne heilt i nord.

Lincoln viste til at borgarkrigen i USA var ein naudsynt og djup konflikt det var nødvendig å gå gjennom. Men vi kan ikkje la det gå så langt, understrekar Sandøy.

Avtroppane fylkeslagsleiar, Jarl Magne Silden, meiner at konflikten må løysast snarast råd er.

Når dei først har gått til det drastiske skrittet å melde seg ut, då må det ligge noko djupt og sårt bak. Alle klutar må settast til for berge Norges Fiskarlag.

Jarl Magne Silden

Når dei først har gått til det drastiske skrittet å melde seg ut, då må det ligg noko djupt og sårt bak. Alle klutar må settast til for berge Norges Fiskarlag. Vi er ikkje einige i alt, men vi må ha ein organisasjon som offentleg talar med ei felles stemme. Det verste som kan skje er at Norges Fiskarlag taper legitimitet og rolla som premissleverandør opp mot styresmaktene. Sjå på kompromisset vi fekk til i kvoteforliket i 1994. Alle måtte gje, alle var misnøgde. Det var eit kunststykke som rettsmeklarane kring om i verda skryter av.

Fiskarane i Sogn og Fjordane kjenner at dei har mykje til felles med fiskarane i nord. Kysten er grisgrendt og mange fiskebruk er blitt nedlagde etter kvart som sjarkflåten har minka og overgang til større fartøy har skote fart. Men medan fiskarane i nord i større grad fangstar i heimtraktene, har vestlandsfiskarane ein tradisjon for å søke nye moglegheiter i havområda både i Nordsjøen, Barentshavet og langt mot vest i Atlanterhavet.

Mangeårig sentralstyre-medlem Geir Magne Røys påpeikar at det hastar å få ei semje i nord:

Eg fryktar at spliden mellom fiskarane kan sementere seg. Men eg er optimist. Vi må gå raskt i gong finne ut kva som må til for å bli einige. Vi får det nok til.

Gir seg som fiskarlagsleiar etter 12 år


Kommentarer til denne saken