Gå til sidens hovedinnhold

– Vi må styrke førebygginga for å hindre nye brukarar av narkotika

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Regjeringa har lagt fram sitt endelege framlegg til ny rusreform. Det er gledeleg å sjå at det er så sterkt engasjement rundt dette viktige politikkområdet. Når saka var ute til høyring, kom det inn over 300 høyringssvar. Debatten og høyringssvara syner at det er ingen enkle svar. Langt på veg er alle samde om hovudretninga med rusreforma «frå straff til helse hjelp». Politisk og fagleg er det stor semje om at tunge brukarar må få helsehjelp og at samfunnet ynskjer minst mogleg narkotikabruk.

Den store utfordringa er å verta samde om ein politikk som sikrar at Noreg også i framtida har eit lågt tal med ungdom under 18 år som nyttar narkotika. Politiet har fått i oppdrag frå Stortinget at det førebyggjande arbeidet skal vera ein raud tråd i alt politiet jobbar med. Min hovudbekymring i høve til rusreform er at det førebyggjande arbeidet vert vanskelegare, som igjen betyr fleire som eksperimenterar med narkotika, som igjen fører til fleire tunge brukarar på sikt.

Det er svært uheldig at fleire tunge premissar inn i debatten er basert på påstandar som stammar frå måten politiet jobba på for 15-20 år sidan. Ein høyrer ofte at mange vert fengsla og straffa med bøter for narkotikabruk. Professor Helge Waal ved Senter for rus og avhengighetsforsking (SERAF) skriv i ein kronikk i Dagsavisen . «I dag er det ingen som dømmes for rusmiddelbruk alene. Fengselsdommene er knyttet til kriminalitet som vinningstyverier, vold, innførsel og sal av rusmidler». Det vert også hevda at norsk narkotikapolitikk har feila. Det er ingen tvil om at me har alt for mange overdosedødsfall og for dårlege behandlingstilbod og helsehjelp til tunge brukarar. Men rusmiddelbruk og avhengigheit vart definert som sjukdom med rett til behandling allereie i 2004/2005. ESPAD (European School Prosject on Alcohol and Other Drugs) sine siste tal frå 2019 tal syner at Noreg framleis er eit av landa i den vestlege verda der ungdom brukar minst narkotika. 3,8% av norsk ungdom hadde nytta cannabis siste 30 dagar, 7,4% i Danmark og 13% i Frankrike.

Les også

Ina Brendø: – Rusreforma er den viktigaste sosialpolitiske reforma i mi levetid

Debatten går no om avkriminalisering eller ikkje. Eg meiner at det er vanskeleg å vera skråsikker på at kriminalisering er avgjerande eller ikkje for framleis å ha lågt misbruk. Men eg er nokså overtydd om at eit forbod må fylgjast opp med konsekvensar om du bryt eit forbod. Mange fryktar at ungdomen vil oppleva at narkotika no vert lovleg. Det er naturlegvis feil, for narkotika vil framleis vera forbode. Og me har alle eit stort ansvar for å synleggjera at narkotikabruk og oppbevaring er ulovleg , men ikkje straffbart. I ein undersøking av Sentio i 2019 svarar 70% at dei trur fleire vil nytta illegale rusmiddel om det ikkje fører til ein straffereaksjon.

I framlegget som no ligg til handsaming i Stortinget vil politiet mista mange av sine verktøy i verktøykassa i det førebyggjande arbeidet. Ein kan ikkje nytta bekymringssamtale, ruskontrakt med urinprøvekontroll, ungdomsoppfylgjing i regi av konfliktrådet eller etterforskingsteg som ransaking av person og mobiltelefon.

Ved det framlegget som no ligg i Stortinget, vil politiet berre ha heimel til å gje pålegg om oppmøte i den kommunale rådgjevingseininga for narkotikasaker (som alle kommunar skal oppretta). Dersom ein ikkje møter opp kan ein få eit sivilrettsleg gebyr på kr 2398,-. Pålegget betyr ikkje at ein er pliktig til å ta i mot hjelp eller rådgjeving. Foreldra vert i større grad kopla av enn i dag, dette heng saman med at den «helserettlege myndigheitsalderen» er 16 år. Foreldra vil ha ein plikt til å vera med på første møte, men dersom ungdomen er over 16 år kan ein kopla foreldra heilt av i ein eventuell vidare oppfylgjing.

Fremlegget inneber også at ein straffefritt kan ha med seg 2 gram heroin, 2 gram amfetamin og 10 gram cannabis til eige bruk, men ikkje for sal. Dette inneber mange titals brukardoser. Politiet kan skjønsmessig inndra dette stoffet, står det i framlegget.

Les også

– Hadde eg fått hjelp i staden for glattcelle då eg var 17, hadde livet mitt kanskje sett annleis ut

Mi og mange sin bekymring med dette framlegget er at narkotika vert meir sosialt akseptert, som igjen vil føra til meir bruk. Dersom eit forbod skal opplevast som eit forbod må det få konsekvensar å bryta det. Ulovleg parkering er ikkje straffbart, men det er forbode og du får ein klar reaksjon dersom du bryt forbodet. Utan ein konsekvens vil nok alle vera samde i at det ville verta fleire som parkerte ulovleg.

Ein har no alle moglegheiter for å vidareutvikla det gode førebyggjande arbeidet. Foreldre/føresette, helsesjukepleiar, skule, politi m.fl er avgjerande aktørar for å rettleia, hjelpa og korrigera kurs. Då bør ein vidareutvikla verktøykassa med nye, fleire og betre verktøy og ikkje redusera verktøykassa.

Kommentarer til denne saken