- Vi må få fortgang i smittespreiinga

KOMMUNEOVERLEGE: Jan Helge Dale, kommuneoverlege i Kinn. Foto: Dag Nesbø Frøyen
Det seier kommuneoverlege Jan Helge Dale til NRK. Han meiner ein no må utnytte kapasiteten ein har bygd opp i helsevesenet.
Overlegen i Kinn kommune vil opne opp at delar av samfunnet for å få fortgang i smittespreiinga, melder NRK Vestland.
Dale er uroa over tomme venterom på legesenteret, der dei vanlegvis pleier å hjelpe rundt 200 pasientar dagleg.
– Eg håper pasientar som har andre plager torer å komme til legekontoret. Men det kan vere at dei utsett det, kanskje i redsel for å bli smitta, seier kommuneoverlegen i Kinn kommune.
– Kanskje kreftsjukdommar, hjartesjukdommar eller andre sjukdommar utviklar seg. Det har sin pris at vi er redde for å bli smitta.
No meiner han kapasiteten primærhelsetenesta og sjukehusa har bygd opp for å takle koronaviruset ikkje kjem til nytte. Løysinga er å opne opp i nokre av tiltaka, til dømes opne barnehagar og skular, meiner Dale.
Han meiner tiltaka i Norge så langt har vore nødvendige, men at det no kan vere på sin plass å sleppe opp enkelte stader i landet. Han vil også ha fortgang i smittespreiinga, for å skape flokkimmunitet.
– Kunsten er å sleppe opp passeleg, slik at vi får utnytta kapasiteten i helsevesenet både for koronasmitta og dei andre pasientgruppene. Nokon må bli sjuke for å byggje opp ein immunitet, seier han til NRK.
Kommentarer til denne saken