Gå til sidens hovedinnhold

Vi kjem til å sette rekord sjølv om halvparten av oss vil forby det

Ei fersk meiningsmåling varslar ny besøksrekord i butikkane på Black Friday.

Samstundes vil nesten annankvar nordmann over 18 år støtte eit lovforslag om å forby salsjippoet, av klimaomsyn, og fordi det promoterer overforbruk.

Vil ikkje, men gjer det likevel

Ei fersk, landsomfattande undersøking som Opinion har gjennomført for pris- og produkttenesta Prisjakt avslører stor motstand mot årets største salsdag i befolkninga. Men samstundes blir det varsla rekordbesøk den kommande veka, både på nett og i vanlege butikkar og kjøpesenter:

– Det er sjette året på rad vi gjennomfører denne undersøkinga, og aldri tidlegare har fleire nordmenn svart at dei kjem til å nytte seg av tilboda under Black Week/Black Friday. Samstundes veks slitasjen og motstanden i befolkninga, og hos dei som driv butikk, seier dagleg leiar Are Vittersø i Prisjakt.

40 prosent – eller 1.8 millioner vaksne over 18 år – svarar at dei skal handle på Black Friday. Det er 10 prosent fleire enn for to år sidan, og fem prosent fleire enn i fjor. Men undersøkinga viser likevel at mange av oss begynner å bli mektig leie av kampanjekøyret: Nesten annankvar deltakar i undersøkinga (46 prosent) ville støtta eit lovforslag som forbyr Black Friday. To av tre meiner det er for mykje reklame i samband shoppingveka, og halvparten meiner det er ein god idé at politikarar og myndigheiter tek aktivt grep og lovregulerer slike store salskampanjer.

– Selv om oppslutninga om Black Week er veldig høg, og vi paradoksalt nok går mot nok ein rekord i år fordi pandemi-restriksjonane er borte frå dei fysiske butikkane, viser undersøkinga vår med all tydelegheit at mange begynner å bli leie. Det handlar aller mest om auka klima- og miljømedvit og overforbruk, men også om aukende reklametrøyttleik, seier Vittersø.

Halvparten handlar uten budsjett

I undersøkinga fortel halvparten av dei spurde at dei ikkje har noko budsjett for handlefesten. Blant dei som planlegg betre ligg gjennomsnittleg shoppingbudsjett på 4000 kroner.

– Fleire kvinner enn menn går på shopping utan eit budsjett. Menn har generelt større budsjett enn kvinnene: Ein vesentleg større del menn planlegg til dømes å bruke meir enn 5000 kroner, seier Vittersø.

I ei anna Prisjakt-undersøking blant norske og svenske nettbutikkar, seier heile 61 prosent av dei som svarte seg samde i at eit forbod er ein god idé. 78 prosent blant den nettbaserte handelsstanden gir uttrykk for at dei føler seg pressa til å delta på kjøpefesten i neste veke.

Les også

Florøbutikkar bur seg på prissjokk og leveringstrøbbel: – Jula kan komme raskt på kjerringa i år

Les også

– Black Friday er noko tull!

Kommentarer til denne saken