Det melder kommunedirektør Terje Heggheim i fredagsbrevet sitt.

– Siste veka har utskrivinga av ny eigedomskatt fått stor merksemd. Det forstår eg. At skatten ville auke er ikkje ukjend, det vedtok kommunestyret. Vi var også budd på at den ville stige monaleg for enkelte, konstaterer Heggheim.

Han slår vidare fast at dei siste dagane har avslørt tilfelle og døme på at noko kan vere feil.

– Det skal det ikkje vere. Eigedomskatten skal vere rett. Vi skal vere lojale mot kommunestyret sitt vedtak og målet er å ta inn den skatten som svarar til budsjettvedtaket. Korkje meir eller mindre, lovar han.

Då formannskapet sette ned skattesatsen for bustad og fritidseigedomar i førre veke, uttalte Heggheim at det var ein del uklare forhold, spesielt for næringseigedomar. Det gjaldt spesielt i tidlegare Vågsøy, men også i Flora.

– Det er feil i matrikkelen (kommunen sitt eigedomregister) og det tar tid å rette dei opp, slår han fast.

Administrasjonen vil difor gå gjennom mykje av materialet, og i neste veke vil dei også orientere dei folkevalde om det dei kan seie noko om så langt.

– Det er viktig at dei som meiner å ha fått feil skatt, melder frå til eigedomskattekontoret. Det kan hjelpe oss med at grunnlaget vert rett. For ordens skuld; vi vil ikkje fakturere eigedomskatten før vi er meir trygge på det faktiske grunnlaget.