Kinn kommune har ei utfordring når det gjeld barnehageplassar. I planarbeidet har ein naturleg nok retta seg etter statistikk og demografi. Det betyr at ein riggar barnehagekapasiteten etter det behovet barnefamiliar har for barnehageplassar i kommunen. Men no stemmer ikkje kart og terreng.

Dei to åra det har vore pandemi har ført til ei nasjonal befolkningsvekst. I tillegg kjem born via asylmottaket og med krigen i Ukraina er veksten venta å bli endå større. Men i Florø er barnehagane fulle. Dei har rett og slett ikkje vore rigga for vekst.

Vi snakka med Siri Odijk Solbakken. Ho har tvillingar på ni månader. Ho hadde gjerne sett at barnehagekapasiteten i byen hadde vore regulert etter behovet, men slik er det ikkje i dag. Og ho trur dette er ei ulempe for byen og kommunen i eit større bilde.

– Florø er ein trygg og god plass for barn å vekse opp, men det er vanskeleg for barnefamiliar å vere heime i ulønt permisjon i lengre periodar i påvente på barnehageplass, seier ho og hadde håpt at Kinn kommune kunne praktisere løpande opptak.

Det er også ei spesiell ulempe for dei som er fødde i desember. Dei som var fødde no i den siste månaden i 2021 har ikkje rett på barnehageplass før tidlegast i august 2023. For mange betyr det at dei må ta ut ulønt permisjon eit halvt år.

Vurderer flytting til Førde

Dette gjeld mellom anna Kai Hansen og Karolina Würtz. Dei har nettopp kjøpt seg hus i Florø, dei har to jenter. Elsa (2 og eit halvt år) og Anna som altså vart fødd i desember. Dei jobbar som legar på sjukehuset i Førde og held også på med spesialistutdanning. For dei er eit halvt år med ulønt permisjon ei utfordring. Difor har dei leita etter løysingar. Og dei finnast.

– Vi har vore i kontakt med Sunnfjord kommune som har signalisert til oss at dei har kapasitet om vi skulle søke Anna inn, og då vi pendlar til Førde likevel, vil vi vurdere å flytte frå Florø, seier Hansen.

Då paret fekk seg jobb i Førde og skulle slå seg ned var det Kai som streka under at dei skulle bu i Kai sin heimby, Florø. For Karolina som kjem frå Stockholm meinte det beste ville vere å bu i Førde der dei begge jobbar, men no er også ho blitt glad i kystbyen. Om dei no må ta eit halvt år med ulønt permisjon då dotter deira er fødd i desember, vil dei sterkt vurdere flytting til Sunnfjord kommune.

Innanfor lova

Runa Nybakk er kommunalsjef for oppvekst og undervisning i Kinn kommune.

Ho fortel at utgangspunktet i Kinn er å rette seg etter dei lovkrava som ligg i barnehagelova.

– Barnehagelova rettar seg etter dei som har rett til barnehageplass og kven som ikkje har denne retten. Lova regulerer også grunnbemanning i barnehagane og dei normene som seier noko om tal pedagogar. Det er dette vi rettar oss etter når vi tilbyr barnehageplassar, seier Nybakk.

For i dag er det slik at alle som kjem til Kinn og som har rett til barnehageplass, har fått det.

Redninga for ein kommune med økonomiske utfordringar er tilflytting og barnefødslar. Men då treng ein også barnehageplassar.

Utfordringar framover er også knytt til flyktningstraumen ifrå Ukraina. Dei som kjem til Kinn og blir busett må få eit tilbod. Men utfordringa no er at dei ikkje veit kor mange, eller kva alderssegment borna som kjem er i. Dette vil gi Kinn kommune kapasitetsutfordringar dei per no ikkje har svaret å korleis dei skal kunne løyse.

– Det gir oss utfordringar både på areal og på bemanning. No får vi sjå kva behov vi får og så må vi rette oss etter dei lovkrava som dette blir regulert av, svarar Nybakk.

Må finne løysingar

Men ein kommune kan også jobbe for å bli attraktive og skape bulyst for dei som no er i etableringsfasen med små barn. Det er også vore ønske om politisk. Men som ordførar Ola Teigen seier, så kan dei ikkje ta seg råd. I alle fall ikkje no i den økonomiske situasjonen kommunen står i.

Men Arlene Vågene som er leiar for helse som oppvekstutvalet i Kinn kommune, meiner ein kan vere meir kreative. Vi stilte ho spørsmålet om Kinn kommune kan ta seg råd til å ikkje legge til rette for småbarnsforeldre sine behov?

– Eg er løysingsorientert og meiner det er fleire inngangsvinklar for å møte denne utfordringa. Og den første er å få på plass ein bemanningspool, slår ho fast.

Dette er noko som har fungert godt i helsesektoren og det er ein modell ho meiner også vil ha mykje føre seg i barnehagesektoren.

– Det er alltid behov for vikarar og med ein bemanningspool sikrar vi oss beredskap som rettar seg etter det behovet vi til ei kvar tid burde ha, seier ho og meiner det er å kunne tilby barnehageplass den månaden barnet fyller eitt år.

Elles meiner ho areal, som den tidlegare fritidsheimen på Krokane skule kan nyttast og så ser ho på eit samarbeid med den private barnehagen på Sørstrand som aktuelt. Ho meiner også barnehage i ein framtidig fotballhall er noko ein bør sjå på i det lengre bildet.

Vi gjekk tilbake til Siri Odijk Solbakken som med sine tvillingar ikkje har tenkar om å flytte frå kommunen med det første. For ho meiner Florø og Kinn er ein fantastisk by og kommune å stifte familie, men det er barnehageplassane som det her skortar på.

– Vi er ikkje slik som fuglane som berre får barn om våren, vi får barn gjennom heile året og då tenker eg eit minimum hadde vore to opptak i året, og om ein kunne få plass den månaden barnet fyller eitt år vil foreldre kunne sleppe å gå lenge i ulønt permisjon, avsluttar ho.