- Vi er glade for at fleirtalet vil jobbe mot nedbygging av Nav-kontoret i Måløy

TAKKAR: Kinn Ap er nøgde med støtten dei får i arbeidet for å hindre at tilbodet ved Nav-kontoret i Måløy blir forringa for brukarane.

TAKKAR: Kinn Ap er nøgde med støtten dei får i arbeidet for å hindre at tilbodet ved Nav-kontoret i Måløy blir forringa for brukarane.

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Vi er svært glade for at fleirtalet beståande av Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Miljøpartiet dei grøne, Sosialistisk venstreparti, Raudt og Venstre, ikkje kunne akseptere den løysinga som vart skissert av NAV Kinn under ei orientering i helse- og velferdsutvalet tysdag 11. februar.

Det er viktig at der er ein mottaksfunksjon i Måløy som ikkje er dårlegare enn i dag, og at tilbodet til brukarane er like godt i begge delar av kommunen, slik intensjonsavtala legg opp til. Slik vi forstod det frå orienteringa frå leiaren i NAV Kinn, skal moglegheita til å stikke innom NAV utan førehandsavtale på sikt fjernast i heile kommunen, men dei ønsker å starte forsøket i Måløy.

Dei fleste av oss klarer å navigere på NAV sine nettsider, chatte med ein robot eller kan bruke telefonen til det landsdekkande kontaktsenteret for å få svar eller bestille ein timeavtale, men det finst menneske som ikkje meistrar dette av ulike grunnar. Vi meiner det framleis må vere ein mottaksfunksjon i Måløy der det er mogelegheit for å stikke innom utan avtale for å få hjelp av ein NAV-tilsett. Det er ikkje eit likeverdig tilbod å overlate dette til Servicetorget til kommunen. Der jobbar det kompetente folk som løyser sine arbeidsoppgåver på ein god måte, men dei sit i eit ope kontorlandskap, og er ikkje utdanna i å møte menneske som har behov for hjelp frå NAV. Dette kan vere menneske i ein akutt situasjon, i ei personleg krise eller påverka av rus. Det kan også vere eldre som ikkje har datamaskin eller Internett, og folk som ikkje meistrar norsk som må forklare kva dei treng for å bli sett i kontakt med NAV. At dei skal bruke Servicetorget til dette er ikkje rett verken med tanke på personvernet til brukarane eller tryggleiken og ansvarsområdet til dei tilsette.

Det var ein god dialog i utvalet og alle var einige i prinsippet om at kommunesamanslåing ikkje skal føre til eit dårlegare tilbod. Likevel var mindretalet nøgde med å overlate organiseringa til NAV og administrasjonen, slik som skissert i orienteringa. Vi er glade for at fleirtalet var einige om å jobbe vidare med dette politisk. Utvalet bad om ei ny sak på dette, som skal vidare til formannskap og kommunestyre dersom den har økonomiske konsekvensar som ikkje er tatt omsyn til i budsjettet.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken