Firdaposten sin redaktør er ute med kritikk av Raudt sitt standpunkt om å støtte framtidige initiativ om reversering av Kinn kommune. Ueinigheit ynskjer vi velkommen, men vi hadde nok håpa at den vart lagt fram på ein ryddigare måte.

Raudt gjekk til val på å jobbe for reversering, med bakgrunn i at Vågsøy sine innbyggjarar vart tvinga inn i ein ny kommunestruktur. For vår del er eit valløfte nettopp eit løfte, og ikkje noko vi snur på, berre fordi ting vert vanskelege. Dette stod i valprogrammet vårt, som truleg var ein bidragande årsak til at Raudt gjorde eit brakval i 2019:

«Kinn kommune er ikkje demokratisk forankra. Når 60% av folket i Vågsøy var imot samanslåing med Flora, må det sjåast som tvang at Stortinget vedtok samanslåing. Det kan ikkje kallast «frivillig» berre fordi eit knapt fleirtal i Vågsøy kommunestyre overkøyrde folkeviljen.

Raudt meiner at alle tvangsvedtak om samanslåing må opphevast – Kinn òg.»

Så sjølv om Vee kanskje har eit inntrykk av at alle politikararar bryt sin løfte, og kanskje også synes det er greit, så er det ikkje slik for Raudt. Det at Raudt på siste meiningsmåling i Kinn ser ut til å ha gått fram frå siste brakresultat kan tyde på at befolkninga synest Raudt gjer rett.

Når Kinn vart ein realitet var også vi tvilande til å skulle ri to hestar samstundes. Dette hadde vi diskusjonar på, i forkant, og ikkje minst undervegs. Sjølv synes vi dette har gått bra. I svært liten grad har vårt standpunkt i Kinn-saken vært til hinder i det politiske arbeidet. Gjennom perioda har vi fått positive tilbakemeldingar frå mange hald, blant anna våre og andres veljarar og ikkje minst politiske motstandarar, om vår ryddigheit, grundigheit og evna til å være konstruktive i vårt politiske arbeid. Vi meiner at dette er teikn på at vi har klart å ri desse to hestane på ein god måte. At Vee hintar til at vi høyrer heime på sirkus er eit utspel vi held oss for god til å kommentere.

Vi kan derimot gjerne diskutere kor bra ridinga har gått. Sjølv meiner vi at Raudt, dei siste tre åra, har gjort mykje godt politisk arbeid. Gjennom eigne budsjettforslag, interpellasjonar, og forslag til enkeltsaker har vi satt preg på Kinnpolitikken. Vi har som mål at våre bidrag skal gjere Kinn kommune betre for innbyggarane våre. Til oss sjølve som folkevalde prøvar vi å stille krav. Vi er godt budde til kommunestyremøta, oftast deltek samtlege representantar frå talerstolen i løpet av debatten, og vi er av partia som har sendt inn flest interpellasjonar i perioden. Det er vanskeleg å talfeste kor stor andel av tida vi har brukt på reverseringssaka, men sett i samanheng med merksemda den har fått, er det forsvinnande lite. Det er ikkje noko vi er særskilt stolte av, det er berre eit resultat av at vi har brukt mykje meir tid på andre politiske saker.

Det er ikkje noko motsetning i å jobbe for det beste for Kinn kommune samtidig som vi vil støtte bevegelsar og være talerøyr for dei stadig fleire som ønsker deling av kommunen. Det er nemleg slik at Kinn kommune, på grunn av sin geografiske ulempe, i stor grad er drifta som to einingar. Det betyr at alt godt vi får til i Kinn kommune vil potensielle innbyggjarar i framtidige Vågsøy respektive Flora nyte godt av. Derfor vil vi fortsette å holde fram med arbeidet vårt og gjere det beste vi kan for alle i Kinn.

Er det nokon som kritiserer til dømes KrF for å sabotere Kinn kommune, berre fordi dei ynskjer ein anna kommunesamansetjing (inkl. Bremanger)? Sjølsagt ikkje. Dei klarar å ha to tankar i hovudet samstundes.

Dei og.

Vi håpar sleivsparka vert bytta ut med eksempel og konkret kritikk neste gong Vee, eller andre, vil kritisere oss. Det finnes sikkert eksempel på at Raudt har feila, dersom ein tek seg tid til å leite.