Vi blir stadig færre her på kysten. I Sunnfjord kommune aukar folketalet.

FÆRRE BARN: Vi blir stadig færre her på kysten. Illustrasjonsfoto frå «Sang mellom generasjonar»/ babysong i Florø.

FÆRRE BARN: Vi blir stadig færre her på kysten. Illustrasjonsfoto frå «Sang mellom generasjonar»/ babysong i Florø.

FLORØ: Kinn er ned med 82, Bremanger 76.

DEL

Folketalet i dei to kystkommunane Kinn og Bremanger held fram med å gå ned. Til samanlikning er det ein folketalsvekst på 71 personar i Sunnfjord kommune.

I Bremanger held folketalsnedgangen fram: Ved utgangen av fjerde kvartal i fjor var det 76 færre innbyggarar i Bremanger samanlikna med fjerde kvartal 2018. Bremanger har no eit folketal på 3629. I løpet av ti år har Bremanger hatt ei negativ befolkningsendring på 272 personar.

Det ser ikkje så veldig mykje lysare ut for Kinn kommune. Samla sett har Kinn ein negativ befolkingsendring på 82 personar. Ser vi på dei to tidlegare kommunane som utgjer Kinn, hadde Flora ei negativ befolkningsendring på 42, medan Vågsøy hadde 40 færre ved utgangen av fjerde kvartal 2019 samanlikna med fjerde kvartal 2018.

Men ser vi i eit lengre perspektiv, er det blitt 287 fleire i Flora-delen av Kinn sidan fjerde kvartal 2009. Men kurven peikar nedover også her no. I Vågsøy-delen av kommunen er det derimot blitt 56 færre dei siste ti åra.

I alt er det no 17.740 innbyggarar i Kinn kommune.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken