På torsdag blir det pøsregn

VIND OG REGN: På torsdag melder meteorologen mykje regn og sterk vind.

VIND OG REGN: På torsdag melder meteorologen mykje regn og sterk vind. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Moroa er snart over. På torsdag må du finne fram paraplyen og rekne med normalt vestlandsvêr framover.

DEL

– Torsdag kan bli ein ordentleg ruskedag, seier meteorolog Hanne Beate Skattør i Meteorologisk institutt til Firda.

Etter ein månad med eventyrleg vêr og høge temperaturar, går Sunnfjord-vêret tilbake til normalen.

Pøsregn og kraftig vind

Tysdag og onsdag blir ikkje så ille:

– På tysdag blir det nordleg bris, skiftande skydekke, men for det meste opphaldsvêr. På onsdag vil det komme spreidde regnbyer første delen av dagen, men resten opphaldsvêr, seier Skattør.

Så blir det verre.

– På torsdag vil det etter kvart bli søraustleg liten kuling utsette stader i indre strøk. På morgonen/føremiddagen kjem det eit lågtrykk. Då vil det bli sterk kuling enkelte stader, og det kan bli liten storm på kysten. Og det vil bli regn.

– Pøsregn?

– Det ser ut til at det kan bli pøsregn. Det vil kunne komme 20–30 millimeter på torsdagen, seier Skattør.

Butikken sel is som aldri før

Tilbake til normalt vestlandsvêr

Meteorologen seier det vil regne mesteparten av fredagen også. Vinden vil bli noko svakare. Til helga blir det skiftande bris og byer med regn.

– Temperaturen vil halde seg nokolunde jamt på 15 grader framover, kanskje nokre grader mindre når det regnar, seier ho.

Går vi inn i ei tid med dritvêr for å betale tilbake for mai?

Viss ein er overtruisk, kan ein seie det slik. Men no går ting meir tilbake til normalt. Den banen som lågtrykka følger, har flytta seg lenger sør. Då får ein desse lågtrykka inn frå sørvest, som kanskje er mest normalt, men som også betyr mykje regn på Vestlandet. Vi går vekk ifrå den stabile høgtrykksituasjonen og tilbake til normalen, forklarar Skattør.

Mai-vêret knuste varmerekord frå 1954

Her var det 22 grader i vatnet: – Nett som i Syden! 

Artikkeltags