Så mykje krasja politiet for i fjor

KRASJ: Denne politibilen blei brukt til å stanse ein bil med tvang i Åsane. Det medførte store skadar i fronten.

KRASJ: Denne politibilen blei brukt til å stanse ein bil med tvang i Åsane. Det medførte store skadar i fronten. Foto:

Av

Til saman vart køyretøya til Vest politidistrikt skadde for over ein million kroner.

DEL

BERGENSAVISEN: Køyretøya til politiet legg bak seg mange kilometer kvart år, og dei får i nokre tilfelle hard medfart.

BA har fått ei oversikt som viser at det vart registrert skadar på 27 bilar i Vest politidistrikt i fjor.

Samla medførte det kostnadar på rett over ein million kroner.

Mykje vert dekt av motpart

Av den totalen kostnaden har politiet fått betalt tilbake 587.197 kroner. Dette skjer i tilfelle der politiet ikkje er ansvarleg for skaden sjølv:

– Viss vi må vippe ein bil rundt for å stanse den med tvang, så går det fort hundre tusen kroner på ein slik skade, seier køyretøyansvarleg Petter Moldskred Gullesen i Vest politidistrikt.

Ikkje forsikra

I snitt vert det registrert rundt 30 skader i året på køyretøya i Vest politidistrikt.

– Nokre av bilane køyrer opp mot 60.000 kilometer i året, så det er større sjanse for å få skadar på desse, opplyser han.

Politiet er er ikkje forsikra. Det er vanleg i statlege verksemder, og betyr at dei sjølv ber risikoen for skade eller tap, framfor å forsikre alle eigendelane sine.

Politiet krasja to gonger same dag

BA har ikkje fått tal på kor mange skader som er registrert hos politiet hittil i år, men tre tilfelle er blitt omtalt i media.

Torsdag i førre veke krasja politiet to gonger då dei skulle løyse trafikkaos i Bergen vest. Begge hendingane vert meldt rutinemessig til Spesialeininga for politisaker, som skal ta stilling til om politiet kan klandrast.

For eit par dagar sidan krasja politiet med vilje for å stanse bilen til ein mistenkt ruskøyrar ved Øyrane torg i Indre Arna.

Artikkeltags