Torsdag kveld var Florø-politiet i aksjon på TV2

Blålys.

Blålys. Foto:

I den nye TV2-serien «Blålys» får ein følge Vest politidistrikt på jobb. Torsdag kveld var delar av episoden frå Florø.

DEL

Måndag denne veka hadde TV2 premiere på den nye serien «Blålys».

I dokumentarserien følger ein politifolkene i Vest politidistrikt, på små og store oppdrag i deira arbeidskvardag.

Torsdag kveld er delar av episoden frå Florø. Då kjem politimannen Tor Erling frå Stryn med sin narkotikahund, for å bistå det lokale politiet med eit narkotikasøk på hurtigbåten frå Bergen.

- Hunden markerer på ei kvinne som går av båten, og ho blir då teken med inn på stasjonen. Det vert funne hasj på kvinna, og politiet går då til ransaking av bopelen hennar, der det vert funne meir hasj og marihuana.

Det fortel PR-rådgjevar i TV2. Håvard Solem, til Firdaposten.

Blålys går måndag til torsdag på TV2 sin hovudkanal, og skal gå i tolv veker, med totalt 48 episodar.

Kamerateamet har følgt dei tilsette i Vest politidistrikt sidan september i fjor, frå då sykkel-VM vart arrangert i Bergen, til ut på forsommaren i år.

I episodane får ein sjå alt frå patruljer i Høyanger, Florø, Sotra og Askøy, til teneste inne på politihuset i Bergen ved arresten, namnmannen, kriminalteknikarar, etterforskarar, politimeister og visepolitimeister.

(Fekk du ikkje  med deg episoden? Alle Blålys-episodane går i reprise på TV2 Zebra søndag kveld. Du kan også sjå den på TV2 Sumo, om du har abonnement.)

TV2 seier følgande om serien:

«I «Blålys» får vi eit unikt, usminka og autentisk bilde av politiarbeidet i eit av Norges største politidistrikt, som med nedslagsfelt i Hordaland og Sogn og Fjordane femner om lag 700.000 innbyggere. Som første norske politiserie gir vi eit eksklusivt innblikk i heile spekteret av politiet sitt arbeid – frå patruljer på vegane i byen og på landet, og heilt til topps der avgjerdslene vert tekne; politimeisteren sitt kontor.»

Artikkeltags