Hjort påkøyrd i morgontimane

FLORØ: Onsdag morgon vart ein hjort påkøyrd på riksveg 614 mellom Florø og Svelgen.

DEL

I 06.30-tida onsdag kom det melding om at ein hjort var påkøyrd på riksveg 614 mellom Florø og Svelgen. Det melder Sogn Avis.

Operasjonsleiar Tatiana Knappen i Vest politidistrikt seier bilen som køyrde på hjorten fekk materielle skader, og at hjorten anten vart skadd eller døydde.

- Sesongen for hjortepåkøyrsler ser dessverre ut til å vere i gang. Vi får melding om ein del hjortepåkøyrsler, seier ho.

Artikkeltags