Elev spøkte om skuleskyting, blei pågripen av politiet i helga

DEL

Fredag ettermiddag den 10. mai fekk politiet kunnskap om ein mogleg trugsel om skuleskyting. Eit bilete delt på Snapchat viste ein person poserte med eit våpen og ein tekst som politiet oppfatta som ein trugsel om skuleskyting. Personen på bildet viste seg å vere elev ved Osterøy vidaregåande skule, og vedkomande blei pågripen ein halvtime etter at politiet hadde blitt gjort merksame på bildedelinga, fortel Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Eleven har i avhøyr erkjent å ha sendt det aktuelle bilete til nokre vener og at dette var meint som ein spøk. Etterforskinga så langt har ikkje avdekka anna enn at dette er tankelaus kommunikasjon og aldri var meint som eit konkret trugsmål. Saka er framleis under etterforsking.

Sikta  vart lauslaten frå arresten i Bergen laurdag 11. mai. Skulen er orientert om saka og vil fylgje opp alle sine elevar og tilsette fyrstkommande måndag.

Politiet ser alvorleg på saka.

- Me vil ikkje tolerera slike handlingar og alle slike trugslar vil bli etterforska, slår politiet fast. Saka etterforskast ved Voss lensmannsdistrikt.

Artikkeltags