Hissig og rusa mann truga politiet med kniv – vart pepra og arrestert

FLORØ: Ein hissig og svært rusa mann gjekk natt til laurdag rundt med kniv. Mannen (34) enda i arresten.

DEL

Natt til laurdag rykka politiet ut etter meldingar om ein rusa mann som gjekk rundt med ein stor kjøkkenkniv i Flora kommune, melder Firda.

På Twitter skriv politiet følgjande; "Florø: Politiet har kontroll på svært rusa og hissig mann i besittelse av kniv, ingen skadd. Ingen trusselsituasjon, men har gått med kniven synleg."

Hendinga skal ha skjedd i halv to-tida natt til laurdag, på ein campingplass, ifølge NRK.

– Han vart vanskeleg og ville ikkje etterkomme pålegg frå politiet, difor vart han pepra med peparspray.

Det seier operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt til FIrda.

Den 34 år gamle knivmannen vart arrestert og kan vente seg politimeldingar for trugsmål mot politiet og for å bere kniv på offentleg stad.

Ifølge Magnussen skal mannen ikkje har vore trugande overfor andre personar.

Artikkeltags