Avsluttar leiteaksjonen etter John André Solheim

FLORØ: Etter å ha leita gjennom heile natta, fann ein like etter klokka 09.30 den sakna John André Solheim (45) i live. Det stadfestar politiet.

DEL

OPPDATERT: Leiteaksjonen blir no avslutta. Den sakna er funnen i live.

– Han blei funnen i Brandsøyåsen, og verkar vere i fysisk god form, seier Espen Gulliksen i politiet til Firdaposten vel ein time etter at dei fann han.

Leitemannskaper leita natt til torsdag etter John Andre Solheim (45) som blei meldt sakna frå heimen sin dagen før klokka 19.30.

Det blei ut over onsdag kveld iverksett ein større leiteaksjon. I tillegg til politiet, deltok også Norske redningshunder og Røde kors. Klokka 02.10 vart Sivilforsvaret mobilisert. Sju personar frå Sivilforsvaret har sidan klokka 02.30 og gjennom natta sitte på lyttepostar i Brandsøyåsen, men ifølge operasjonssentralen til politiet klokka 06.00 torsdag, har ein framleis ikkje funne spor etter 45-åringen. Aksjonen er ikkje over.

Klokka 09.15 melde operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt at Sivilforsvaret nettopp har kalla ut meir mannskap for å delta i eit større søk etter den sakna.

Den sakna sine pårørande har gitt løyve til at han kan etterlysast med namn og bilde i media.

Artikkeltags