Ni fekk bot på Bjørnset

FLORØ: Politiet hadde kontroll laurdag.

DEL

Utrykkingspolitiet hadde fartskontroll i 80-sona på Rv 5 ved Bjørnset utanfor Florø laurdag ettermiddag.

Kontrollen varte frå klokka 17.30 til 19.15. Resultatet vart at politiet skreiv ut ni forenkla førelegg.

Den høgaste farten som vart målt var 99 kilometer i timen, melder Vest politidistrik på Twitter.


Artikkeltags