Vest politidistrikt har avgjort 11 nye saker med forelegg for brudd på smittevernbestemmelsene. Samtlege saker gjelder manglande opphold på pliktig karantenehotell og dei fleste sakene er knytt til Flesland lufthamn.

Ifølgje ei pressemelding frå politiet, er det desse tilfella som no er slått ned på:

Mann i 50-åra landa på Flesland frå Brasil i midten av mai. Ilagt eit forelegg på 20.000 kroner.

Mann i 50-åra landa på Flesland frå Emiratene i slutten av mai. Ilagt eit forelegg på 20.000 kroner.

Mann i 60-åra kom frå Tsjekkia med danskebåten til Bergen i slutten av mai. Ilagt eit forelegg på 20.000 kroner.

Kvinne i 20-åra landa på Flesland fra Romania i byrjinga av juni. Ilagt eit forelegg på 20.000 kroner.

Mann i 30-åra kom frå Polen med danskebåten til Bergen i byrjinga av juni. Ilagt eit forelegg på 20.000 kroner.

Mann i 40-åra landa på Flesland fra Nederland i midten av juni. Ilagt eit forelegg på 20.000 kroner.

Mann i 40-åra landa på Flesland fra Storbritannia i midten av juni. Ilagt eit forelegg på 20.000 kroner.

Mann i 30-åra landa på Flesland fra Nederland i midten av juni. Ilagt eit forelegg på 20.000 kroner.

Kvinne i 40-åra landa på Flesland fra Litauen i midten av juni. Ilagt eit forelegg på 20.000 kroner.

Mann i 30-åra landa på Flesland fra Litauen i midten av juni. Ilagt eit forelegg på 20.000 kroner.

Mann i 40-åra landa på Flesland fra Portugal i midten av juni. Ilagt eit forelegg på 20.000 kroner.

Alle som er involvert i dei nemnte sakene, er orienterte om avgjerda.