Godvêret held fram, med opptil 19-20 grader på det varmaste

SOL: Dei neste dagane er det perfekt turvêr. Her frå Noreheia i Førde.

SOL: Dei neste dagane er det perfekt turvêr. Her frå Noreheia i Førde. Foto:

Av

Påskeferien går mot slutten, men det gjer ikkje godvêret.

DEL

– Det skal bli nokre fine dagar framover, seier Kristin Seter, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, til Firda.

Høge temperaturar

Det vert sol og fint vêr både måndag, tysdag og onsdag.

– Det skal bli godt og varmt og så godt som skyfritt. Om ettermiddagen kan det bli opptil 19-20 grader på det varmaste. Det er meldt varmast i dag, seier Seter måndag føremiddag.

Prognosane seier det blir varmt utover veka og kjølig att til helga.

– Frå og med torsdag ser det ut som vi får periodar med nedbør, men det vil framleis vere varmt, seier ho.

– Vert det varmare på Vestlandet enn på Austlandet?

– Det er ganske likt denne veka i aust og i vest. Det er kanskje litt varmare aust på.

Unormalt lite nedbør

Seter seier det er varmare og tørrare enn det som er normalt på denne tida av året.

– Det eg trur er mest unormalt, er at det er veldig lite nedbør.

Meteorologen seier det stort sett skal vere rolege vindforhold innover fjorden, medan ein ut mot kysten kan merke litt meir vind.

– Om folk har tenkt seg opp i fjellet er det kanskje litt meir vind i høgda på tysdag. Då kan det kome kastevindar ned i dalane, men ikkje noko kraftige greier, forklarar ho.

BLÅ HIMMEL: Meteorologen seier det vert så godt som skyfritt på himmelen måndag, tysdag og onsdag. Bildet er frå Kjerringnova i Gulen.

BLÅ HIMMEL: Meteorologen seier det vert så godt som skyfritt på himmelen måndag, tysdag og onsdag. Bildet er frå Kjerringnova i Gulen. Foto:

Artikkeltags