– Ikkje det beste rakettvêret

FYRVERKERI:  Forholda blir kanskje ikkje dei beste.

FYRVERKERI: Forholda blir kanskje ikkje dei beste. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Regn og skydekke ned mot 200 meter, varslar meteorologen.

DEL

- Eit lite lavtrykk kjem inn frå havet og har sikta seg inn midt på Hordaland, men heile Vestlandet vil merke det godt. Vi får periodar med vind og nedbør i heile dag, seier vakthavande meteorolog hos Vêrvarslinga på Vestlandet, Kristin Seter.

I løpet av dagen vil det bli stadig mildare og våtare, seier ho:

Regn opp til 1000 m.o.h.

- Spesielt på den viktige delen av det komande døgnet, som for dei fleste er i kveld, ser det litt grått ut. Det kjem nedbør, som regn først berre på kysten, men så vil snøgrensa flytte seg innover og oppover, og seint i kveld reknar vi med at det vil regne heilt opp i tusen meter over havet, seier Seter.

- Jaja. Så lenge det ikkje ligg skodde, så skal vi no sjå rakettane.

Tåke ned til 200 m.o.h.

– Njaa, det er noko der og. Det blir ganske lavt skydekke. Eg ser flymeteorologen melder at skydekket kan komme ned i 2-300 meters høgde her i Bergen, og det risikerer ein nok i Sunnfjord og. 

Gråveret vil halde seg inn i det nye året, meiner Seter.

- Ja, i morgon blir det litt samme vertype, men etter kvart, i løpet av formiddagen eller tidleg på ettermiddagen, går det over til nordleg, og då vil det bli litt lettare ver. Blir det beint nordleg, blir det opphald og ganske fint, men blir det nordvest, blir det byger. Det er litt vanskeleg å seie no.

Artikkeltags