– No går vi frå det eine ytterpunktet til det andre

VÅTT OG VINDFULLT: Vi går ei skikkeleg våt og vindfull veke i vente. - Så langt eg kan sjå, ser det dårleg ut, seier vakthavande meteorolog i Storm Geo Roar Teigen.

VÅTT OG VINDFULLT: Vi går ei skikkeleg våt og vindfull veke i vente. - Så langt eg kan sjå, ser det dårleg ut, seier vakthavande meteorolog i Storm Geo Roar Teigen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

VÊR: Ikkje berre kjem hausten tilbake i neste veke, men det gjer den til gagns også, åtvarar meteorologen.

DEL

Vi har lagt bak oss vakre haustdagar med gode temperaturar og sol, men no er det slutt på moroa. Og ikkje berre kan du vente deg skikkeleg haustvêr neste veke, men det blir faktisk skikkeleg ille.

Det seier vakthavande meteorolog i Storm Geo Roar Teigen til Firda søndag kveld.

– Vi må berre tole såpass

– No går vi frå den eine ytterkanten til den andre. Vi har jo hatt nesten sommarvêr i ei vekes tid, så då får vi vestlendingane berre tole at vi får regn og vind igjen så langt auge kan sjå.

– Så vi får ei skikkeleg drittvêrsveke i vente?

– Jepp, og ikkje berre går vi tilbake til normalen, det blir i overkant mykje vind og regn i ein lengre periode. No kjem lågtrykket frå Atlanteren og rett inn mot oss. 

Det einaste vesle lyspunktet som er i sikte, er fredagen. Då kan det vere ein kortvarig periode med opplett.

– Men utanom den dagen, blir det ganske begredeleg. 

– Bortskjemte vestlendingar

Temperaturane blir også noko heilt anna enn dei vi har hatt i det siste.

– Dei vil ligge på kring 10–12 grader på dagtid og krype ned til 5–6 grader på natta. Dette er ikkje så kaldt med tanke på at vi er i oktober, men folk vil nok føle det som kaldt. Vi har jo vore godt bortskjemt den siste tida. 

Søndag kveld kan vi vente oss ein del vind. Særleg på kysten vil det bli sterk kuling opp mot liten storm. Vinden vil nok merkast i form av vindkast lokalt ved fjorden og i dalstrøka i fylket.

Natt til måndag vil det komme masse nedbør, og lokalt i ytre strøk kan det i løpet av det neste døgnet komme opp i 40 -50 mm nedbør.

Artikkeltags