Full storm på torsdag: – Sjekk lause gjenstandar

FULL STORM: Meteorologane varslar full storm på kysten torsdag.

FULL STORM: Meteorologane varslar full storm på kysten torsdag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

VÊR: – Det blir meir vind enn vi tidlegare har trudd, seier meteorolog og varslar no full storm langs kysten på torsdag.

DEL

Meteorologane varslar sørleg full storm på kysten av Sogn og Fjordane frå torsdag morgon. Eit kraftig lågtrykk gir storm på kysten av heile Vestlandet, og også innover i landet vil den kraftige vinden merkast.

– Det blir meir vind enn vi tidlegare har trudd. Vi varslar no liten storm på kysten av Hordaland, full storm på kysten av Sogn og Fjordane og sterk storm ved Stad, seier Kristin Seter, vakthavande ved Meteorologisk institutt, Vêrvarslinga på Vestlandet, til Firda.

På kysten av fylket kjem vinden opp i 25 meter i sekundet, mens den ved Stad kan komme opp i 30 meter i sekundet.

Her kan du sjå korleis stormen utviklar seg (artikkelen held fram under kvitringa):

– Sjekk lause gjenstandar

Vinden aukar natt til torsdag, før stormen slår inn på morgonen.

– Folk som bur ved kysten, må sikre og sjekke båt og naust. Alle må sjekke lause gjenstandar. Hagemøblar og trampolinar, som ikkje har blitt teke inn for vinteren, må sikrast eller takast inn, seier meteorologen.

Vanskelege køyreforhold i fjellet

Det kan også bli vindkast som ein merker over heile fylket, også i fjellet, der det er varsla snø over omtrent seks hundre meter.

– I høgda blir det vanskelege køyreforhold, vind i kombinasjon med snø, og det kan bli kolonnekøyring. Det kan bli stengt over Sognefjellet. Men det er ikkje berre høgfjellet som får mykje vind, men også for eksempel Vikafjellet, seier Seter.

Stormen gir seg allereie torsdag ettermiddag, men aukar og snur på vest på kvelden. Det vil ein merke også innover i landet, der det kan bli kraftige vindkast på 25–30 meter i sekundet.

Det er også meldt mykje regn, så det kan vere lurt å ta på sydvesten:

Artikkeltags