Denne meteorsvermen ser du best denne helga

ORIONIDENE: Meteorsvermen Orionidene blir ekstra godt synlege denne helga.

ORIONIDENE: Meteorsvermen Orionidene blir ekstra godt synlege denne helga. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Dette synet kjem til å openberre seg på stjernehimmelen, og ifølge Astroevents blir den best synleg denne helga.

DEL

Det handlar om meteorsvermen Orionidene, ein sverm som dukkar opp på himmelen kvart år. Den vil vere synleg i perioden 14.–29. oktober viss himmelen er skyfri og månen ikkje er eit hinder, melder Firda.

Og korleis skal du få med deg svermen? Astroevent har svaret:

– Still deg opp på ein stad med minst mogleg lysforeining og sjå mest mogleg rett opp. Du treng korkje kikkert eller teleskop, og det aller beste tidspunktet for å observere svermen er frå midnatt og fram til himmelen byrjar å lysne natta mellom 21. og 22. oktober. Og i år vil ikkje månelyset vere til hinder for å observere sidan den svært tynne nymånesigden vil ha gått ned lenge før meteorittane er på sitt beste, heiter det i ei pressemelding.

Namnet Orionidene skuldast punktet svermen strøymer ut frå, nemleg stjernebildet Orion som no lyser opp på sørhimmelen nattetid. Den årlege meteorsvermen er forbunden med Halleys komet, som er synleg frå jorda rundt kvart 76. år. Den var sist synleg i 1986.

Enkelte gonger kan svermen komme opp i 80 meteorar i timen, årets sverm er estimert til ca. 20–25 meteorar.

Artikkeltags