Søndag 29.november gjennomførte Sogn og Fjordane valkrins i Arbeidarpartiet sitt nominasjonsmøte. Der blei valnemnda sitt listeframlegg samrøystes vedteke.

- Vi er glad for at vi har fått ei liste som har fått så sterk støtte i heile valdistriktet. Eg veit at alle kandidatane på lista vil gjere ein utmerka jobb med å representere partiet og verdiane våre, seier Hilmar Høl, nestleiar i Vestland Arbeidarparti.

Møtet vart halde på Teams med 101 delegatar frå heile valdistriktet.

Den endelege lista, med Kinn Ap si Doris Christensen på niandeplass, ser slik ut:

1. Torbjørn Vereide, 31 år, Sunnfjord.

2. Marie-Helene Hollevik Brandsdal, 44 år, Årdal.

3. Egil Natvik Vestrheim, 19 år, AUF/Lærdal.

4. Siri Sandvik, 52 år, Stad.

5. Petter Sortland, 59 år, Høyanger.

6. Rita Ørnehaug, 53 år, Hyllestad.

7. Leif Jarle Espedal, 48 år, Fjaler.

8. Doris Christensen, 50 år, Kinn.

9. Jarle Christensen, 42 år, Vik.

10. Paulina Sitarz, 18 år, AUF/Stryn.