Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eg får av og til spørsmålet om kvifor Høgre blei partiet mitt. Svaret er at det veit eg godt, og at det ikkje skuldast noko enkeltsak eller partiprogram. Tvert om hadde det med å gjere eit grunnleggande positivt syn på dei sterke kreftene, initiativa, engasjementet og skapargleda som bur i oss menneske, og at noko av det viktigaste vi kan gjere som samfunn er å legge til rette for at desse eigenskapane får blomstre og verke.
Det er mange år sidan eg valde mitt politiske parti, men eg synest dette tankegodset står seg godt i dag òg. Det å gi rom og fridom til menneske å utfalde seg gir mange ulike positive utslag, på mange av områda i livet. For meg har det likevel vore ei side av dette som heile tida stått heilt sentralt; jobb- og verdiskapinga.
Nokon vil kanskje seie det blir litt for enkelt det eg nå vil skrive om, men det får heller berre vere: Eg har nemleg sett korleis nokre få gründerar og jobbskaparar kan løfte lokalsamfunn til å bli plassar med stor aktivitet, verdiskaping og attraktivitet.
Då eg vaks opp på Grotle på Bremangerlandet var nabobygda Kalvåg ei litt sovande og stille bygd, der det ikkje akkurat låg til rette for vekst eller utvikling. Men så skjedde det noko på 1980-talet som skulle endre på alt dette, og som skulle vise seg å gi store konsekvensar og enorme ringverknader. Det er særleg to gründerar og jobbskaparar som har æra for dette.
Den første eg vil skrive om er Knut Domstein. Han var leiar i Domstein & Co, og var ein av dei største industribyggarane vi har hatt i Sogn og Fjordane. Domstein & Co spelte ei sentral rolle i restruktureringa av fiskeindustrien på Vestlandet, og tok mellom anna i bruk ny teknologi som frysing og maskinell filetproduksjon. Domstein & Co overtok og etablerte på 1980-talet fleire bedrifter i Måløy, Raudeberg, Selje og Florø, og som de forstår; i Kalvåg. Aktiviteten til Domstein & Co i Kalvåg gav raskt mange arbeidsplassar, skapte store verdiar og aktivitet i lokalsamfunnet.
Det er framleis fiskeindustrien i Kalvåg bygt på etableringa til Domstein på 1980-talet. Naturleg nok har den endra seg og blitt restrukturert fleire gangar, men det er framleis stor industriaktivitet her. Typisk nok har fiskeindustrietableringa òg gitt ringverknader utover sjølve industriaktiviteten, og då er vi komen til neste jobbskapar som har endra Kalvåg.
Eg har følgt med Svein Inge Fosse heilt sidan eg sjølv hadde sommarjobb med å pusse opp den første forretninga hans på midten av 1980-talet. For Svein Inge Fosse var Domstein-etableringa svært viktig. Ikkje berre gav det familiebedrifta eit løft for sjølve handelen, den kunne òg utvikle nye sider ved verksemda, slik som catering og overnatting.
Alt dette har vore med på å skape Knutholmen i Kalvåg, som i dag er eit svært kjent og attraktiv turistmål på kysten av Sogn og Fjordane med over 60 tilsette i høgsesongen. Sjølv kallar dei det eit familiedrive hotell med 250 sengeplassar, der heile familien har bidrege til å byggje opp ein plass som tek vare på kystkulturen og kysthistoria, og der du kan bu i rorbu, ei leilegheit, eit historisk eller moderne sjøhus. Finansavisen besøkte forresten Knutholmen for kort tid sidan, og brukte kysthotellet som ein illustrasjon på kor utfordrande skatt på eigarskap (formueskatt) kan vere.
Det er sjølvsagt mange personar og forhold som gjer at ein stad får ei god utvikling og vekst, og alle kan ikkje vere bedriftseigarar. Det gjeld òg Kalvåg. Eg vågar likevel påstanden at utan Knut Domstein og Svein Inge Fosse hadde ikkje tettstaden sett ut slik den gjer i dag.
Det flotte er at vi har slike gründerar og jobbskaparar over alt i landet vårt. Menneske som ofte flyr høgare enn oss andre. Menneske som rører ved liva til folk. Som utgjer ein forskjell. Det kan vere ein Inge Halstensen i Bekkjarvik i Sunnhordland, eller ein oppdrettsgründer som set finansministeren på plass på Debatten i NRK.
Skal vi lykkast i Norge må vi legge til rette for at slike menneske får bruke evnene og skaparkrafta si i framtida òg. Til å skape arbeidsplassar, verdiar og nye næringar. Lykkast dei, må vi òg tole at dei kan tene pengar. Ja, til og med at nokre kan bli velståande.
Politikk må derfor handle om menneska, ikkje systema. Det er det som gir grunnlaget for velordna samfunn med rettstryggleik, gode fellesskapsløysingar, gode sosiale ordningar, helse- og utdanningsordningar, forsvar, miljø- og berekraft. Ja, alt det som partiprogramma er fulle av.