Dei tidlegare skiløparane Marit Bjørgen og Therese Johaug er gudmødrer for dei sjølvgåande lasteskipa, som har fått deira namn – Marit og Therese. Seremonien fann stad på Askos nye hamneterminal i Moss Havn torsdag.

Fartøya skal inngå i ei heilelektrisk transportkjede for å sikre effektiv og utsleppsfri transport av daglegvarer.

Dei skal krysse Oslofjorden mellom Horten og Moss hamn. Dronane skal bidra til lågare transportkostnader og erstatte 1 million vegkilometer lastebiltransport i året. Det er også rekna ut at den nye transporten vil spare cirka 16.600 sjåførtimar årleg, og dessutan sleppe ut 5.000 tonn mindre CO2 per år.

(©NPK)