Hald på hatten – i dag blir det vindfullt

KRAFTIG VIND: Fjella og indre strok må sjå opp for kraftige vindkast tysdag.

KRAFTIG VIND: Fjella og indre strok må sjå opp for kraftige vindkast tysdag. Foto:

Av

Meteorologen melder om kraftige vindkast opp mot 30 meter i sekundet.

DEL

– Vi ventar at vinden skal auke utover føremiddagen. På dei mest utsette plassane vil nok vinden kome opp i liten storm i periodar.

Det seier meteorolog Tone Christine Taule hos Vêrvarslinga på Vestlandet til Firda.

Klokka 09.00 vart det målt sterk kuling med 18 m/s på Myklebustfjellet i Bremanger. Også Ytterøyane fyr og Kvamsfjellet i Jølster vart det målt vindkast med omtrent same styrke.

– Fjellet er særleg utsett. Indre strok av fylket vil også oppleve kraftige vindkast, spesielt fjordar og dalar på vestsida. Eg ville rydda lause gjenstandar som utanfor huset, seier Taule.

Den sterke vinden og snø vil skape lokalt vanskelege køyreforhold på fjellovergangane.

– Det vil bli snøfokk. Det kan bli utfordrande, åtvarar Taule.

Ein bør også vere obs på at ferjestrekningar kan bli stengde. Så langt er alle vegsamband opne, opplyser Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Status klokka 10.30:

  • Aurland – Hol: kan bli kolonne på kort varsel
  • Vikafjellet: det er innført kolonnekøyring
  • Hemsedal: kan bli kolonne på kort varsel
  • Filefjell: ope – truleg beste alternativ om du skal køyre mellom aust og vest tysdag.
  • Strynefjellet: meldt mykje vind og nedbør frå klokka 12.00 til midnatt.

Vinden skal minke seint i ettermiddag kveld dei aller flest plassar, opplyser meteorologen.

– Onsdag er det meldt austavind. Det blir litt nedbør, men ut på ettermiddagen kan sola kome fram viss vi er heldige, seier Taule.

Det er også stor snøskredfare i store delar av fylket. – Skal du ut på tur, sjekk varsom.no/snoskredvarsling, er oppmodinga frå Hovudredningssentralen i Sør-Norge.

Artikkeltags