Hadde du håpa på vår? Då må du nok vente ...

VIND: Meteorologen anbefaler folk som allereie har sett ut hagemøblane å ta dei inn igjen. Frå tysdag er det nemleg venta sterke vindkast.

VIND: Meteorologen anbefaler folk som allereie har sett ut hagemøblane å ta dei inn igjen. Frå tysdag er det nemleg venta sterke vindkast. Foto:

Av

Det er meldt storm i fjellet frå tysdag. Meir kulde og snø er også på veg.

DEL

– Det ser ut som det blir ein fin dag måndag, seier vakthavande meteorolog Martin Granerød ved Vêrvarslinga på Vestlandet til Firda.

Men etter ei fin helg, må folk førebu seg på at vêret blir dårlegare.

– Tysdag kjem det kraftige vindar og det bles opp til storm i fjella, og det kjem truleg snø også i lågare terreng i Sunnfjord. På onsdag roar det seg, men det blir ein del regn og vind.

Lågtrykket held fram resten av veka. Og dei som hadde håpa på at det no skulle bli vår må smørje seg med tolmod.

– Det vil vere forholdsvis kjølig, så vinteren held fram. Det er ingenting som tyder på at våren kjem. Våren let vente på seg, fastslår meteorologen.

Om ein har tatt ut utebord og stolar kan det vere lurt å ta det inn igjen, for vinden vi har i vente kjem med sterke vindkast, seier Granerød.


Artikkeltags