Sterk storm på veg: – Hald deg unna kysten og fjellet

Sterk vind er venta søndag og måndag. Dei blå feltene er mest utsett. Illustrasjon: Met.no

Sterk vind er venta søndag og måndag. Dei blå feltene er mest utsett. Illustrasjon: Met.no

VÊR: Har du planar om søndagstur til fjells? Meteorologen rår deg til å vere heime.

DEL

– Eit kraftig høgtrykk i aust og eit lågtrykk i vest pressar mot kvarandre og skaper eit sørleg vindfelt på kysten. På søndag vil dette vindfeltet bevege seg innover kysten av Sogn og Fjordane. På det meste er det meldt sterk storm ved Stad og full storm langs kysten.

Dette fortel vakthavande meteorolog Lars Andreas Selberg ved Vêrvarslinga på Vestlandet til Firda.

Sterk storm ved Stad

Lokalt kan vindkasta komme opp i 25 til 30 m/s. Orkan styrke er 32,7 m/s.

Allereie frå laurdag ettermiddag vil vinden auke på til stiv kuling og liten storm natt til søndag. Selberg seier at det er kysten og fjellet som vil kjenne det best, men at ein også kan rekne med at det vil blåse godt inne i fjordane.

– Mitt råd er å halde seg vekke frå kysten og høgfjellet, seier meteorologen.

Meteorologisk institutt har gått ut med følgande varsel for Vestlandet sør for Stad:

«Det kan vere farleg å ferdast i fjellet. Sterke vindkast kan føre til lokale straumbrot og tre som har blåst over ende kan ligge i vegbana. Lause gjenstandar som trampolinar og hagemøblar kan blåse av garde. Ver forsiktig når du ferdast utandørs».

Ventar Sibir-kulde

I bakkant av stormen vil det komme nedbør både måndag og tysdag. Temperaturane vil i hovudsak ligge på pluss-sida, men i indre delar av fylket vil nedbøren truleg komme som snø. Den sterke vinden vil minke i løpet av måndag.

Så kjem kulden frå Sibir.

– Nedbøren er forbigåande. Frå onsdag viser prognosane ein kjølig vêrtype. Lokalt i fjord- og dalstrøk kan ein vente seg minus 15 grader eller kaldare, avhengig om det blir klarvêr. Årsaka til dette er at høgtrykket aust for oss tek med seg kald luft frå Sibir, forklarer Seberg.

Artikkeltags